Pressekonf lakseskatt foto Flickr
MÅ BLI SAMD MED NOKON: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum og statsminister Jonas Gahr Støre må finne alleierte for å sikre fleirtal for framlegget om auka skatt på oppdrettsnæringa. Foto: Flickr/Regjeringa
Nytt

Politikarane går i skyttargravene

Uvissa om lakseskatten kan vare i årevis.

28.03.2023
ANALYSE

Allereie før statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) var ferdige med pressekonferansen i dag tidleg, om korleis den nye skatten på oppdrettsnæringa skal bli, hadde Høgre fortalt at det ikkje er grunnlag for noko breitt forlik.

Like etter kom stortingsrepresentant Alfred Bjørlo med melding om at Venstre ikkje var nøgd, og at det er stor fare for at framlegget vil føre til tilpasningar som gjer at det uansett raskt må endrast på.

Venstre kan godt forhandle, men må i så fall ha garantiar for at det ein blir samde om i neste omgang ikkje "blir rasert av SV og Kirsti Bergstø når regjeringa skal forhandle statsbudsjett til hausten."

Les heile lovframlegget her

Framstegspartiet har tidlegare varsla at det vil ha bort grunnrenteskatten om partiet kjem i maktposisjon igjen.

SV, på si side, vil ha grunnrenteskatten opp frå det opphavelege framlegget på 40 prosent til 48 prosent, ikkje ned til 35 prosent, slik regjeringa gjer framlegg om.

– Vi er urolege for at summen av endringane i stor grad går i favør av eigarane. Vi fryktar mellom anna at det blir for lett for dei store eigarane å organisere seg vekk frå grunnrenteskatten, seier finanspolitisk talsperson for SV Kari Elisabeth Kaski til NTB.

Skal regjeringa få fleirtal for lovframlegget om grunnrenteskatt må den velje side.

Skal Høgre og Venstre takast på alvor vil ein grunnrenteskatt som får fleirtal takka vere ei semje med SV ikkje overleve eit regjeringsskifte etter Stortingsvalet i 2025.

Ser du det frå Høgre eller Venstre sitt perspektiv blir spørsmålet om fordelen med å ikkje inngå eit forlik - å kunne endre lakseskatten etter ein eventuell siger i Stortingsvalet i 2025, er større enn ulempen - at oppdrettsnæringa må leve i uvisse om korleis skatten blir med eit regjeringsskifte.

I dag har partane gått i skyttargravene.

Om striden er like fastlåst når Stortinget startar arbeidet med lovframlegget vil vise seg etter påske, men det kan hende at oppdrettsnæringa må bu seg på at skattlegginga av næringa blir eit stridsspørsmål i fleire år.

Investorar likar ikkje uvisse, og det vil i så fall vere ein situasjon som medverkar til å legge ein dempar på investeringsnivået.

Om aktørane i næringa meiner det kan vere ein pris å betale for å få ned skattenivået litt fram i tid kjem truleg an på kva forhandlingane i Stortinget endar med.

Støre og Vedum hadde ikkje svar på kva regjeringa trur grunnrenteskatten vil gi i årlege ekstra skatteinntekter med det justerte framlegget som kom i dag, men oppdrettselskapet Mowi har berekna at det vil utgjere 8,4 milliardar kroner i ekstra skatt, med utgangspunkt i 2022-prisar på laksen.

Det kjem fram i ei pressemeldinga frå bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Sjømat Norge, der administrerande direktør Geir Ove Ystmark blir sitert på at medlemane ikkje kan sjå at regjeringa sitt framlegg "gjør at man igjen kan åpne for nye investeringer".

Den pressemeldinga indikerer at bransjen gjerne ser at Høgre og Venstre ikkje viser kompromissvilje. I så fall blir politikarane verande i skyttargravene.

Publisert: 28.03.2023 14:00

Sist oppdatert: 28.03.2023 22:36

Mer om