– Blir ein kalddusj vi ikkje har sett sidan oljekollapsen
Roger Hofseth skuffa etter møte med statsministeren.
Roger Hofseth har rista av seg sjokket etter regjeringa si lansering
av grunnrenteskatt på lakseoppdrett. No er han i full sving med å
forsøke å hindre forslaget - eller endre på innretninga.
Denne veka var han på Stortinget for å snakke med statsministeren, men møtet enda ikkje slik sunnmøringen håpa på.
– Det er berre trist, fortalde Roger Hofseth om responsen under ei podcast-innspeling på NMI i Ålesund denne veka.
Fleire politikarmøter
Anledninga var Atea sitt
Community 2022-arrangement, der Hofseth var mellom dei som skulle
fortelje om oppdrettsbransjens moglegheiter til å ta i bruk data.
Sunnmøringen som via Hofseth-gruppen eig både oppdrettsverksemd og foredling, var mest oppteken av dei siste skatteforslaga som er lagt på bordet.
– Alle politikarane eg har hatt møter med frå Senterpartiet og Arbeiderpartiet i det siste forstår kor gale det er, når eg får forklare ting i detalj, la han til.
Har skifta ut Netflix med spørjetimen
Hofseth
kunne fortelje at han hadde skifta ut Netflix med spørjetimen på
Stortinget, og ga uttrykk for at han ville engasjere seg meir politisk
framover.
I møtet med statsministeren på Stortinget fortalde Hofseth mellom anna korleis han med med grunnrenteskatt og nye auker i formueskatt, vil ende opp med å betale 85 prosent skatt.
– Du drep entusiasme og skaparglede, sa Hofseth oppgitt.
Hofseth-gruppen har store investeringar på gong innan både landbasert og lukka oppdrett. Og berre dei siste åra anslo han at verksemdene har investert kring 1,3 milliardar.
– Alt er gjort med basis at vi har politisk stabilitet, og moglegheitene er heilt enorme, sa Hofseth om posisjonen til norsk havbruksnæring.
– Viss dette blir vedteke, så trur eg det blir ein kalddusj vi ikkje har sett sidan oljekollapsen i vår region, sa han.
Støre open for «gode argument»
Sunnmøringen opplevde å møte lite forståing hos Jonas Gahr Støre. Til Finansavisen svarte statsministeren at han meinte skattenivået er rimeleg ut fra behovet for ekstraordinære inntekter.
På spørsmål om finansminister Vedum sin åpning for å justere lakseskatten før helga, hadde han følgjande kommentar.
– Kjem det gode argument frå næringa om å gjere ting på andre måtar, vil vi sjølvsagt vurdere det veldig seriøst, sa Støre ifølgje avisa.
Ringverknader til leverandørane
Per Helge Devold representerte både GATH-nettverket og MMC First Process
i samtalen på NMK. Han fortalde om usikkerheita som var skapt i resten
av verdikjeden som følgje av forslaget om lakseskatt.
– Det handlar om lokal verdiskaping og arbeidsplassar, men det handlar også om våre nasjonale posisjon innafor havbruk som no er eksponert, sa Devold.
Han påpeika at ringverknadene av at oppdrettsbransjen sett bremsane på investeringar, gir dobbel effekt ved at leverandørane misser oppdrag på utstyr til anlegg og båtar.
Publisert: 29.10.2022 05:00
Sist oppdatert: 11.11.2022 10:00