Erna IKKE GJENBRUK FOTO NPK
KLARE FOR LANDSMØTE: Høgre-leiar Erna Solberg, nestleiar Henrik Asheim og generalsekretær Tom Erlend Skaug på pressemøtet før Høgres landsmøtet. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Nytt

Høgre-nei til regjeringa sin lakseskatt

Held døra open for å bli med på ei anna løysing.

23.03.2023

(NPK-NTB): Høgres resolusjonskomité seier nei til lakseskatten regjeringa har foreslått. Men dei held døra open for å bli med på ei anna løysing.

Det kjem fram i forslaget komiteen ønskjer at landsmøtet i helga skal stille seg bak.

– Høgres innstilling er klar, vi seier nei til forslag frå regjeringa som vart send på høyring. Det har skadd Noreg som sjømatnasjon, skapt stor uvisse og full stopp i investeringar. Prosessen har også vore kritikkverdig, seier Peter Frølich, leiar av resolusjonskomiteen til Høgres landsmøte

– Vi held døra på gløtt for betre forslag som varetek innspelet til næringa og er mindre skadeleg. Sjømatnæringa avviser ikkje å vere med ei auka skattlegging, og vi er på same linje. Eg trur dette er eit forslag som heile Høgres landsmøte vil stå samla om, seier han.

Færøysk modell
Komiteen vil be landsmøtet gå inn for ei utgreiing av forslaget frå næringa om ein modell lik den dei har på Færøyane. Det er ei såkalla inntektsgradert produksjonsavgift.

– Det er svært positivt at Høgre slår fast at vi er imot forslaget frå regjeringa til grunnrenteskatt og at alle endringar skal gjerast i dialog med næringa. For alle som bur, arbeider og er avhengig av denne næringa i heile Noreg er det av avgjerande av regjeringa lyttar, seier Tom Georg Indrevik, Høgre-ordførar i Øygarden.

I forkant av landsmøtet, som byrjar fredag, har fleire kystordførarar teke til orde for at partiet må seie nei til lakseskatten.

Solberg: Ubrukeleg
Partileiar Erna Solberg har likevel sagt at ho ikkje trur det blir ei stor kampsak på landsmøtet.

– Eg er ikkje så sikker på om det er så veldig mykje usemje, men eg trur det er veldig stort engasjement langs kysten, og det forstår eg, seier Solberg til NTB.

Ei rekkje fylkeslag i Høgre har uttalt at dei krev at partiet seier klarare nei til den foreslåtte grunnrenteskatten på havbruksnæringa, og det er komme inn tre forslag til resolusjonar om saka.

På ein pressekonferanse i forkant av landsmøtet tysdag sa Solberg at «den modellen regjeringa har hatt på høyring, er ubrukbar,» før ho overfor NTB utdjupa sitt syn på den moglege striden.

– Ein opplever at det er full brems på investeringar i den næringa som har vore drivkrafta i mange distrikt langs kysten. Den opplever å stange mot veggen, og dei som først og fremst merkar det no, er leverandørindustrien til oppdrettsnæringa.

Publisert: 23.03.2023 19:19

Sist oppdatert: 23.03.2023 19:19

Mer om