Island Valiant foto Oljedirektoratet 11
NEDGANG: Søkjertala til petroleumsfaga har gått ned dei siste åra og berre éin søkte seg til linja for havbotninstallasjonar i vår. Borelinja var mellom faga som fekk eit oppsving i år. Foto: Oljedirektoratet
Nytt

Berre éin søkar til oljefag – linje kan bli droppa

Arbeidsgruppe vil ha innspel frå næringslivet til ny strategi for fagskolen i Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
19.05.2021

Søkinga til petroleumsfag ved fagskolen går ned og fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal føreslår å ikkje starte opp linja for havbotninstallasjonar.

Årsaka er at studie i Kristiansund berre hadde éin søkar i vår.

Det kjem fram i sakspapira til torsdagens møte i fagskolestyret i Møre og Romsdal.

Dyrt studietilbod
Studietilboda både til havbotninstallasjonar og boring har opplevd lågare søkjartal dei siste åra, men sistnemnte fekk eit oppsving i år med stor auke.

I saksutgreiinga blir det vist til at skulen starta opp tilbodet i petroleumsfag førre skuleår, til trass for berre 11 søkjarar totalt til desse studiane.

Det har tynga økonomien ved skulen, og ei rapport påpeiker at dersom driftstilskota frå fylkeskommunen blir på same nivå, er det behov for minst 16 studentar årleg for at tilbodet skal vere «drivverdig».


Vil ha innspel om ny strategi

I desse dagar blir det også jobba med ein ny strategi for fagskolen i fylket, som gjennomgår en omorganisering. Frå 1. august skal Fagskolen Ålesund og Fagskolen Kristiansund skal bli til fagskolen Møre og Romsdal.

Ei arbeidsgruppe starta sitt arbeid med ny strategi no i mai. Dei ønsker ei brei involvering frå aktørar som næringsforum og næringsklynger for å bidra til at fagskulen kan ivareta både breidde, djupne og omstillingsevne i tilboda.

Ein næringskontakt vil også vere på plass ved fagskulen frå august, og skal innlemmast aktivt i arbeidet. Fylkeskommunedirektøren påpeiker i saksutgreiinga at innspel frå lærarar og studentar ved begge studiestadene, også er viktig for å utvikle skulen vidare.

Publisert: 19.05.2021 09:01

Sist oppdatert: 19.05.2021 09:03

Mer om