1440px Stofa i hradbraut
OPNE SKULAR: Etter den første nedstenginga i fjor har styresmaktene kvidd seg for å stenge skular og barnehagar. Det er det gode grunnar for. Illustrasjonsbilde: Wikimedia Commons. Bildet er frå ein skule på Island.
Nytt

Analyse: Tapt terreng for barn og unge

Forsking på konsekvensen av tapt skulegang og foreldre som misser jobben, fortel ei skremande historie.

31.03.2021

KORONA-KONSEKVENSANE

Dess fleire dagar med undervisning barn går glipp av, dess større blir dei langvarige skadeverknadane. Også når foreldre misser jobben går det ut over barna - og skaden kan vere med dei heile livet.

Dette er to av konklusjonane i ein forskingsartikkel professorane Katrine Vellesen Løken og Kjell G. Salvanes ved NHH-FAIR publiserte like etter at Noreg stengte ned mykje av samfunnslivet då koronapandeminen kom i mars 2020.

FAIR er eit forskingsenter ved NHH som mellom anna studerer ulikskap og årsakene til ulikskap.

Det Vellesen Løken og Salvanes gjorde i artikkelen var å hente fram og gå gjennom, studiar som kan seie noko om korleis koronapandemien, og tiltaka mot den kan slå ut for unge.

Svara forklarar kvifor styresmaktene, etter den første nedstenginga i fjor, etterpå har kvidd seg mot å stenge skular og barnehagar – til og med der nye og meir smittsame variantar av viruset spreidde seg hos barn og unge.

Dei viser mellom anna til svensk forsking på testar av svenske rekruttar til militæret og testar av argentinske skuleelevar etter langvarige lærarstreikar.

Kort sagt er resultatet at det lønner seg å ha vore på skulen. Du lærer meir av det.

Dette er femte artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Det løner seg også å ha foreldre i arbeid.

Vellesen Løken og Salvanes ser også på norske studiar etter den økonomiske nedturen som starta med børskrakket i 1987 og etter finanskrisa i 2008. Mange mista jobben og vart gåande arbeidslause lenge, og resultatet kunne mellom anna registrerast på karakterane til barna. Dei blei dårlegare.

I artikkelen anslår professorane at 20 dagar med stengte skular ville gi eit tap i framtidig inntekt på 40 milliardar kroner. I tillegg kjem at dei som går ut i arbeid i ein lågkonjunktur, får ei lågare inntekt enn dei som går ut i arbeidslivet i ein høgkonjunktur.

Det er ein inntektsskildnad som tek mange år å jamne ut.

Dei som misser jobben i nedgangstider, endar også ofte opp i jobbar med lågare løn.

Arbeidsløysa har gått opp under koronakrisa, og det får både dei som snart skal ut i arbeid, og dei som må finne ein ny jobb, svi for.

Det er verdt å minne om at professorane er varsame med å konkludere. Dei presiserer uvissa i vurderingane sine og anslaga vart dessutan gjort tidleg i koronakrisa.

Men dei peikar uansett på ei gruppe som ein stor tapar – unge som snart skal ut i arbeidslivet.

Ulempene er heller ikkje likt fordelt. Elevar som av ulike grunnar slit på skulen, blir hardare råka enn dei som i utgangspunktet greidde seg best.

Likeeins er det i arbeidslivet. Det er tilsette i låglønsyrke i privat sektor, spesielt i reiseliv- og serveringsbransjen, som i størst grad er permitterte, eller har mista jobben.

Tilsette i godt betalte kontoryrke er i langt mindre grad råka. Folk med slike jobbar har også kunne arbeidd frå heimekontor og har dermed vore mindre utsette for smitte.

Dette er femte artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Publisert: 31.03.2021 06:00

Sist oppdatert: 14.04.2021 14:00

Mer om