Deltakarane under årets Ship Technology Days i Ulsteinvik fekk onsdag oppleve eit svært allsidig verft under sitt besøk til Green Yard Kleven.
For augneblinken har verftet fleire ombyggingar av skip gåande og skroget til eit komande nybygg er under bygging i Polen.
Verftet har som kjent også satsa på resirkulering av skipsdelar.

Jobbar med berande konstruksjonar til bygg
Salssjef Karl Johan Barstad ved Green Yard Kleven fortalde at moglegheita har kome som eit resultat av deltaking i ei prosjekt med støtte frå Grønn Plattform-ordninga.
Nett No har tidlegare omtala korleis resirkulert stål blei nytta i konstruksjonen av nye Stovner Bad i Oslo. No har prosjektet gått eit skritt lenger.
– Det blir jobba med å lage berande konstruksjonar til bygg, og det ser ut til å gå bra, fortalde Barstad.
– Det har starta å kome kommersielle produkt ut av dette prosjektet, og kanskje kan det bli eit nytt bein å stå på for oss også, la han til.
Fekk spørsmål om resirkulering
Deltakarane på konferansen er både tilreisande og frå lokalmiljøet. I løpet eit par dagar skal dei få høyre ekspertar frå ulike delar av maritim industri fortelje siste nytt om arbeidet deira.
På verftet var det fleire som ville vite meir om verksemda til verftet.
Barstad fekk mellom anna spørsmål om korleis det er med garantiar på skipsdelar som blir brukt opp att – noko salssjefen kunne fortelje at det ikkje var.
– Vi er likevel trygge på det vi leverer og gir garanti på sjølve arbeidet. Men for kunden er det sopass mykje rimelegare, at dei gjerne tek den sjansen, sa han.

Ei anna ville vite om det var standardar som gjaldt når dei dreiv resirkulering.
Barstad kunne fortelje at dei opplever at regelverket er lite modent og at det kan vere utfordringar med resertifisering av utstyr.
Autonom skipsfart og kunstig intelligens
Etter onsdagens bedriftsbesøk på Green Yard Kleven og Kongsberg Maritime og påfølgjande «hang-out» på Skaparhuset på kvelden, er det klart for sjølve Ship Technology Days-konferansen ved Sjøborg Kulturhus i Ulsteinvik torsdag.
Arrangementet samlar deltakarar frå industrien, forskarar og maritime entusiastar som skal få høyre om utviklinga innan alt frå autonom skipsfart til kunstig intelligens.
Konferansen blir arrangert av GCE Blue Maritime, Mafoss, Ulstein Næringsforum og Midas-prosjektet.
Sjekk programmet (ekstern lenke)
Publisert: 27.02.2025 07:10
Sist oppdatert: 27.02.2025 09:00