Klippfisk eksport innfelt Susanne T Aarseth Nils Helge Aarseth foto Sjømatrådet Kristin 11
MEST EKSPORT: Fjoråret ga igjen solid overskot for Møre Codfish, som er eigd familieselskapet til Susanne T Aarseth og Nils Helge Aarseth (begge innfelt). Det aller meste av klippfisken blir eksportert til utlandet, som her i Portugal. Foto: Sjømatrådet/Kjetil Haanes
Nytt

– På god veg tilbake til normalen

Familieeigd klippfiskeksportør snudde stort minus til største overskot på sju år.

Marius Rosbach
18.07.2022

Etter eit par år med mager lønnsemd, var 2021 eit godt år for Møre Codfish på Ellingsøya.

Klippfiskeksportøren fekk ei omsetning på 616 millionar, og drifta fekk eit overskot på meir enn 24 millionar. Finansinntektene tynga rekneskapen med 13 millionar – og gjorde at resulta før skatt blei drygt 11 millionar (sjå tabell under).

Inntektene i fjor var ein nedgang frå året før, men lønnsemda var tilbake etter to år med underskot. Driftsresultatet er det beste sidan 2014.

Produksjon og eksport fungerer godt
Produksjonen av klippfisk skjer i hovudsak ved anlegget på Bud, medan konsumpakningar blir laga på Ellingsøya.

Leiinga skriv i årsrapporten at det meste ser positivt ut etter at dei hadde store utfordringar under koronapandemien.

– Driftsåret 2021 stadfestar at vi er på god veg tilbake mot normalen, heiter det.

Produksjon og eksport fungerer godt, og mykje av aktiviteten er retta mot større matvarekjeder, skriv leiinga – som ventar ei positivt utvikling vidare.

Møre Codfish

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
616,4
655,2
Driftsresultat
24,2
0,7
Resultat før skatt
11,8
-21,6

Ned i Europa – opp i Sør-Amerika
Verksemda utgjer hoveddelen av inntektene i morselskapet Gustav Stokke. Konsernet eig også produksjonsselskapet Veidholmen Fisk på Smøla.

Dei har óg eit godt forhold til råstoffleverandørar og mange faste kundar, heiter det vidare i rapporten.

Den portugisiske og brasilianske marknadene, står for hovuddelen av salsinntektene. Eksporten til Europa gjekk betydeleg ned i fjor, samanlikna med 2020, medan salet til Sør-Amerika og andre marknader gjekk opp, viser årrapporten.

Familieeigd frå 1920-talet

Familieselskapet Gustav Stokke ble etablert i 1926, og i dag er det Nils Helge Aarseth og barna Kjetil Tennfjord Aarseth og Susanne Tennfjord Aarseth som eig selskapet.

Årsrapporten for morselskapet er ikkje offentleg enno. Samla eigenkapital i Møre Codfish-selskapet er på meir enn 92 millionar, og samla gjeld er på knappe 15 millionar. Leiinga konkluderer med at selskapet har solid økonomi og er godt rusta for framtida.

Publisert: 18.07.2022 12:17

Sist oppdatert: 18.07.2022 15:14

Mer om