Beste laerlingaar sidan foer finanskrisa
FLEIRE LÆRLINGAR: Fredrik Klock jobbar med byggfaga ved opplæringskontoret Byggopp Møre og Romsdal. Her møter han lærlingar ved dåverande Kleven verft. 
Nytt

Beste lærlingår sidan før finanskrisa

Ikkje sidan før finanskrisa har det vore fleire lærlingar innan bygg- og anlegg i Møre og Romsdal. Også i andre bransjer aukar talet på ungdomar ute i bedriftene.

28.11.2020
- Det ser veldig bra ut, seier dagleg leiar Fredrik Klock i Opplæringskontoret for Bygg- og anleggsteknikk (Byggopp) i Møre og Romsdal om lærlingsituasjonen i bransjen.
Opplæringskontoret spleisar lærlingar og lærebedrifter, og hjelpe begge partar med praktiske spørsmål mellom anna med kontraktar. Over 100 bedrifter er medlemar, med tyngdepunktet på Sunnmøre. Årets inntak av lærlingar til den to-årige læretida var 49, omlag som inntaket i fjor.
Fleire lærlingar er ikkje tekne inn sidan før finanskrisa kom i 2008/2009.

- Ikkje noko problem

I fjor la Møre og Romsdal fylke ned nesten alle utdanningstilbod til elevar som ville kombinere ei utdanning som både gir studiekompetanse og fagbrev, forkorta til YSK.
Då fylkesutvalet nyleg diskuterte ei gjenopning blei konklusjonen at ingen av YSK-utdanningstilboda som blei lagt ned i fjor blir opna igjen til neste skuleår, heller ikkje tilbodet for bygg- og anleggsfag på Fræna vidaregåande skole. Skulen hadde ei line med seks YSK-elevar i bygge- og anleggsfag og seks YSK-plassar i teknologi- industrifag i kvart årskull.

Eitt av argumenta mot å opne utdanningstilboda på nytt var ein utfordrande læreplass-situasjon, også for tilbodet i Fræna. Den vurderinga deler ikkje Klock.
-Ikkje noko problem, seier han om sjansen for å skaffe læreplass til YSK-elevane.

Rekrutterer ingeniørar

Det einaste YSK-tilbodet som overlevde sparekniven ifjor var YSK-lina ved Haram vidaregåande skule, som har eksistert sidan 1996.
-Innan enkelte fag kan det vere vanskeleg å få tak i nok lærlingar, seier dagleg leiar Marit Håhjem Volstad i Nordre Ålesund Opplæringskontor (som dekkjer tidlegare Haram kommune). Ho har 85 lærlingar ute på ute, fordelt på to kull, fleirtalet i industrien.
Håhjem Volstad seier næringslivet først og fremst ser på YSK-utdanninga som ein rekrutteringsarena for ingeniørar, ikkje fagarbeidarar. Det er eit tillegg, ikkje eit tilbod som fortrengjer lærlingar frå yrkesretta utdanning.
- YSK-lærlingane, dei tek ikkje nokon læreplassar, seier Håhjem Volstad.

Møbel-boom

I Sykkylven har Opplæringskontoret for møbel-, tre- og mekaniske fag 18 lærlingar ute i årets kull, opp fra 12-13 i fjorårets kull.
Då koronaepidemien kom i vår fekk Sykkylven raskt den høgaste arbeidsløysa i landet.
- Det som var spørsmålet i mars var om bedriftene kom til å tak inn nokon i det heile, sier dagleg leiar Bergljot Hjortdal i Opplæringskontoret for møbel-, tre- og mekaniske fag.
No er status for møbelindustrien at den allereie har passert 2019-driftsinntektene, og aukar bemanninga. Hos Ekornes har ikkje bemanninga auka meir på fleire ti-år.

I Sykkylven har også Sykkylven Industri- og Næringslag gitt garantiar om læreplass for alle som går ut av industriteknologi og automasjonsutdanning (så sant karaktersnittet er tre eller betre og udokumentert fråver under fem prosent).
- Bedriftene ser på lærlingsystemet som ei investering i framtida, seier Hjortdal.

Verst på ytre søre

Ikkje alle yrke hadde eit YSK-tilbod før sparekniven kom fram i fjor.
Dei YSK-tilboda som var til vurdering for å gjenopne eller opne, var teknologi- og industrifag ved Ulstein vidaregåande skule, utdanning i sal, service og reiseliv ved Ålesund vidaregåande skule, utdanning i bygg og anlegg og teknologi- og industrifag ved Fræna vidaregåande skule og teknologi- og industrifag ved Kristiansund vidaregåande skule - og også ei eventuell nytt YSK-tilbod ved Romsdal vidaregåande skule.
Den skulen som i følgje sakspapira til fylkesutvalet var heilt klart på at den ikkje ville opne eit YSK-tilbod komande skuleår var Ulstein-skulen. I dette området står manga av bedriftene - medrekna dei store skipsverfta - sjølve for rekruttering av lærlingar, slik at tal frå opplæringskontor ikkje gir eit presist bilete.
Dagleg leiar Jan Thormodsæther i Mafoss (Maritim forening for søre Sunnmøre) sa til NETT NO i førre veke at han såg lærlingesituasjonen på søre Sunnmøre for teknologi- og industrifag å vere slik at det er rett med å vente med å gjenopne ei YSK-utdanning her.

Vekst

Ruth Astrid Rødal, som leier opplæringskontoret for teknikske fag (OTEK), seier OTEK har omlag 100 lærlingar ute.
Ho opplever ikkje mangel på lærlingplassar som eit problem, og reknar med å sende ut like mange lærlingar neste år som i år. Koroanepidemien har gjort det vansklegare for bedrifter som har basert seg på arbeidskraft som pendlar inn frå utlandet. Det har auka interessa hos bedriftene for å ta inn lærlingar, ifølgje Rødal.
Rødal reknar med ho skal klare å skaffe minst like mange læreplassar til hausten som i år.
-Eg trur det blir like bra, men vi manglar lærlingar, seier ho.

Publisert: 28.11.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06