"Svært godt bidrag frå heil- og deleigde selskap, god bankdrift og sal av aksjar i Nets , har bidrege til det sterke resultatet for SpareBank 1 Søre Sunnmøre", skriv banken i årsrapporten for 2014.
Salet av Nets-aksjane gav 4,5 millionar kroner i gevinst. Banken får og ein eingongsgevinst på seks millionar kroner i samband med at den går over frå ytelses- til innskotspensjon.
Resultatet før skatt blei 125 millionar kroner i 2014, mot 99 millionar i 2013. (sjå tabell)
Banken varslar at investeringar i IT-system og størrre bruk av digitiale tenester gjer at banken kan kutte dei relative kostnadane vidare i 2015.
Kostnadane i prosent av inntektene fall frå 48,3 til 48 prosent i 2014.
I bedriftsmarknaden gjekk derimot utviklinga andre vegen, slik at den samla utlånsveksten vart 3,7 prosent.
Salet av Nets-aksjane gav 4,5 millionar kroner i gevinst. Banken får og ein eingongsgevinst på seks millionar kroner i samband med at den går over frå ytelses- til innskotspensjon.
Resultatet før skatt blei 125 millionar kroner i 2014, mot 99 millionar i 2013. (sjå tabell)
Tøffare konkurranse
Lågt rentenivå gjer at konkurransen om kundane aukar. Dermed aukar og presset på marginane.Banken varslar at investeringar i IT-system og størrre bruk av digitiale tenester gjer at banken kan kutte dei relative kostnadane vidare i 2015.
Kostnadane i prosent av inntektene fall frå 48,3 til 48 prosent i 2014.
Vekst i privatmarknaden
Veksten i utlån til private auka med 12 prosent i fjor, og auken var spesielt stor ved banken sine kontor i Ulstein og Herøy.I bedriftsmarknaden gjekk derimot utviklinga andre vegen, slik at den samla utlånsveksten vart 3,7 prosent.
Publisert: 16.02.2015 08:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41