Bilutleiger parkert med halv million i gjeld
Håpa koronabremsen gjekk over, men no har selskapet meld oppbod.
Bilutleigefirmaet Sannto i Ulsteinvik har meldt oppbod og Møre og Romsdal tingrett opna onsdag konkursbehandling i selskapet.
Eigaren opplyste til retten at den samla gjelda var på kring 496.000 kroner, som selskapet er ute av stand til å ta seg av.
Verdiane i selskapet er anslått å vere null, ifølgje ordskurden – avgjerda frå tingretten.
Les også
Håpar marknaden skulle ta seg opp
Inntektene gjekk ned i åra 2018 og 2019, men resultatet var på plussida, viser rekneskapane.
I årsrapporten for 2019 viser leiinga til at koronapandemien råka den lokale skipsindustrien, som igjen førte til svikt i bilutleigemarknaden.
– Styret har tru på at dette vil ta seg opp igjen utover året, skreiv leiinga – og la til grunn at det var føresetnad for vidare drift.
Har innstilt drifta
Håpet frå i fjor sommar haldt ikkje stikk, og onsdag gjekk altså selskapet til skifteretten.
Advokat Erling Flisnes er bustyrar i saka og første skiftesamling er 23. august.
Firmaet har vore i drift sidan 2013 og har lokalar i Saunesmarka utanfor Ulsteinvik sentrum. Verksemda er no innstilt og det er ikkje tilsette.
Publisert: 24.06.2021 11:11
Sist oppdatert: 24.06.2021 11:21