Finn einar kvamme foto ogne 11
OVERSKOT I OPPSTARTSÅRET: Saman med Bjarøygruppen og Moods of Norway-grunnleggar Jan Egil Flo, fekk Finn Einar Kvamme (bilde) kjøpe konkursbuet. Slik sikra han seg retten til varemerke Ricco Vero – som han sjølv etablerte i 1986. Oppstartsåret for det nye selskapet Kvamme 1936 enda med overskot. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ingen dekning for gjeld på meir enn 30 millionar

Store tap i Ricco Vero-konkursen, men nystarta Kvamme 1936 leverer driftsmargin på meir enn ti prosent i oppstartsåret.

Marius Rosbach
21.06.2021

Ricco Vero var mellom dei første som gjekk over ende etter at konsekvensane av koronapandemien slo til. Etter konkursen sikra Finn Einar Kvamme seg kontrollen over varemerke han sjølv etablerte i 1986, og starta Kvamme 1936.

Rekneskapen frå oppstartsåret viser ei omsetning på 18 millionar kroner. Eit driftsresultat på 2,2 millionar gir ein driftsmargin på solide 12 prosent (sjå tabell under).

I årsrapporten som blei offentleg før helga, påpeikar leiinga at restriksjonane som følgje av pandemien gjer at omsetninga framleis er svakare enn ein normalsituasjon.

Sluttstrek for konkursbehandlinga
Konsernet som melde oppbod i starten av april i fjor, bestod av selskapa Ricco Vero, Ricco Vero Detalj og RV Exhibition, alle eig av Finn Einar Kvamme.

Nyleg sette Sogn og Fjordane tingrett sluttstrek for konkursbehandlinga i sakene, fordi det ikkje var midlar til å halde fram buarbeidet.

Samla krav på kring 35 millionar
Sluttrapportane frå bustyrar Anders Rønnekleiv viser at det ikkje blei dekning til kreditorane. I hovudselskapet var det 119 kreditorar, og fleire går att i dei andre selskapa.

Dei samla krava var på kring 35 millionar kroner, opplyser Rønnekleiv til NETT NO. Nordea stod for dei største kravet med kring 18 millionar som dei har meldt i alle bua.

Les også

Bråbrems etter pandemien
Kleskjeda melde oppbod i starten av april i fjor, etter at kundane deira forsvann og butikkane blei stengt. Fleire titals tilsette missa jobbane sine i dei 11 butikkane.

I rapporten frå bustyrar blir det vist til bråbremsen med koronapandemien som hovudårsak til konkursen.

Finn Einar Kvamme har tidlegare uttalt seg om korleis millionane rann ut om korleis millionane rann ut, og at dei også blei råka av kronekursen og manglande sal av selskapskle.

(saka held fram under)

Ricco vero skjermdump nettbutikk 11
LANG HISTORIE: Kvamme Konfeksjon blei starta av bestefaren til Finn Einar Kvamme i 1936. På heimesida fortel dei historia om den tradisjonsrike bedrifta. Skjermdump: Riccovero.no


To av fire butikkar i Stryn

Etter den nye oppstarten konsentrerte Kvamme seg om netthandel og sal via andre butikkar. I dag har dei fire butikkar - to i Oslo, ein i Stryn og ein i Loen.

Namnet Kvamme 1936 viser til årstalet då den tradisjonsrike historia frå då bestefaren til Finn Einar, Einar Kvamme, starta Kvamme Konfeksjon i Olden.

Sidan har familiebedrifta gått i arv i tre generasjonar. I 1986 starta Finn Einar Kvamme Ricco Vero med satsing på fasjonable dressar.

Overskot for Oslo-butikkane
Innunder konsernet ligg i dag også RV Oslo med to butikkar i hovudstaden. Systerselskapet leverer overskot med eit driftsresultat på eit par hundre tusen av ei omsetning på 2,4 millionar.

Morselskapet Kvamme Eiendom eig 75 prosent av aksjane, medan Erik Asle Høgalmen og Khas Design (Kjersti og Finn Einar Kvamme) eig 12,5 prosent kvar.

Kvamme 1936 AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 18,1
Driftsresultat 2,2
Res. før skatt 2

Publisert: 21.06.2021 05:55

Sist oppdatert: 21.06.2021 08:37

Mer om