Ålesund Dekk og Dekkhotell har meldt oppbod og Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet. I retten opplyste firmaet at dei skulda nær 1,4 millionar kroner, ifølgje ordskurden – avgjerda i tingretten.
Underskot og innstilt verksemd
Firmaet som blei starta i 2018 hadde ei samla omsetning på nær 3,9 millionar kroner i oppstartsåret og 2019. Rekneskapane frå begge åra viser eit underskott.
I retten blei det også opplyst at verksemda var innstilt og at det for tida ikkje var tilsette i selskapet. Første skiftesamling er 16. august og bustyrar i saka er advokat Mari Vik-Slettvoll.
Les også
Slutt for musikkselskap
Den siste veka har også fire musikkproduksjonsselskap i Ålesund meldt oppbod. Same eigar står bak selskapa Starbox Holding, Starbox Publishing, Starbox Recordings og Starbox Music.
Berre sistnemnte har hatt omsetning å vise til dei siste åra. Siste offentlege rekneskap frå 2018 viser ei årsinntekt på nær 2,9 millionar og eit underskot på drygt 600.000.
Skuldnaren opplyste i retten at den samla gjelda er på 61.000 kroner, ifølgje ordskurden.
Færre konkursar i Møre og Romsdal
Så langt i år viser kunngjeringane frå Brønnøysundregistera, at det framleis har vore betydeleg færre konkursar i år, samanlikna med 2020.
Det har vore 67 konkursopningar og ni tvangsavviklingar i Møre og Romsdal.
(sjå alle konkursane i eksterne lenker).
I fjor var det registrert 84 konkursopningar og to tvangsavviklingar på same tid i fylket. Fjoråret var også eit år der konkurstala gjekk bratt ned fordi styresmaktene let vere å forfølgje krav etter at koronapandemien slo til.
Også færre i Nordfjord
I Nordfjord er det så langt i år opna konkurs i eit selskap i Stad og Gloppen, to i Stryn og seks i Kinn – til saman 10 saker.
I fjor på denne tida var det registrert 15 konkursar i desse Nordfjord-kommunane, inkludert tre Ricco Vero-selskap i Stryn.
Publisert: 16.06.2021 14:51
Sist oppdatert: 17.06.2021 00:45