Forskarar har laga mikroalgar som kan erstatte soyaprotein frå utrydningstruga regnskog. No er prosjektet, kalla «Algae To Future», kome så langt at råstoffet kan nyttast til mat for menneske og dyr. Fredag serverast ein heil «algemeny» på Bjørke i Ørsta, der Maria Nikkinen Rørstad er vertskap.
Gründeren nøler ikkje med å kalle seg «helsehipster» og har sjølv nytta algar i maten.
– Eg har nytta mikroalgar som kosttilskot ei periode fordi det takast lett opp i kroppen og gir god energi og næring. Det er rett og slett «superfood», meiner Rørstad.
– Eg er oppteken av næringstettheita og at maten skal vere så rein og naturleg som mogleg. Eg vil vite korleis matvarene vert behandla. Mi rolle i algeprosjektet har difor vore å stille spørsmål som: Kva skjer om vi frysetørkar dette? Og kan det fermenterast eller syrnast, seier Rørstad.
Ho er spent på kva algesatsinga fører til. Ho viser at algar allereie har vore på marknaden som kosttilskot ein del år, men at prisnivået framleis er høgt.
– Om produksjonen vert meir effektiv nok og gjerne meir lokal, så trur eg algar kan vere ein ingrediens i vanleg mat som gir den betre kvalitet, seier ho.
Mikroalgane er laga av forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (), som er ein av kring 20 partnarar frå forsking og næringsliv som deltek i «Algae To Future».
– Vi står framfor ein liten revolusjon i matproduksjon, seier forskingsleiar Stig A. Borgvang i NIBIO i ei pressemelding sendt ut i samband med arrangementet.
Dei små eincella skapningane veks som «grønske» i rør, lev i vatn og nyttar CO2 som byggesteinar. I ferdig grøn pulverform kan dei nyttast som fiskefôr i oppdrettsbransjen eller landbasert matproduksjon.
Fredag kjem kokkane Nils Henning Nesje og Gunnar Nagell-Dahl og skal vise korleis algane kan nyttast i ulike rettar. Også oppdrettsnæringa, forskarar og politikarar deltek.
– Vi held på å utvikle eit snacksprodukt av tørka kjøt frå lokale geiter og håpar å kunne produsere dette her i bygda. Turistforeininga har stilt seg veldig positive, og vi håpar å kunne nytte dei til å distribuere produkta, fortel Rørstad.
«Vi» er ho og ektemannen, som bur på ein gard der ho mellom anna har hatt omsorgstilbod for ungdom. I tillegg eig dei Bjørke skule der dei har hatt overnattingstilbod og camping.
– Det trengst ein del investeringar for å gjerne skulebygget skikkeleg funksjonelt, men det er gode moglegheiter til å lage eit produksjonslokale her og vi har stor tru på at det kan gi ei inntekt vi kan leve av, seier ho.
Gründeren nøler ikkje med å kalle seg «helsehipster» og har sjølv nytta algar i maten.
– Eg har nytta mikroalgar som kosttilskot ei periode fordi det takast lett opp i kroppen og gir god energi og næring. Det er rett og slett «superfood», meiner Rørstad.
Rett mat vart redninga
32-åringen fortel at det å ete rett mat vart hennar redning då ho fekk alvorlege helseutfordringar. Og då var mikroalgar ein av fleire ingrediensar.– Eg er oppteken av næringstettheita og at maten skal vere så rein og naturleg som mogleg. Eg vil vite korleis matvarene vert behandla. Mi rolle i algeprosjektet har difor vore å stille spørsmål som: Kva skjer om vi frysetørkar dette? Og kan det fermenterast eller syrnast, seier Rørstad.
Ho er spent på kva algesatsinga fører til. Ho viser at algar allereie har vore på marknaden som kosttilskot ein del år, men at prisnivået framleis er høgt.
– Om produksjonen vert meir effektiv nok og gjerne meir lokal, så trur eg algar kan vere ein ingrediens i vanleg mat som gir den betre kvalitet, seier ho.
– Ein liten revolusjon
Fredag kjem forskingsprosjektet med inviterte gjestar til ungdomshuset Haukly. På gjestelista står eit smakspanel med folk med ein lidenskap for berekraftig mat.Mikroalgane er laga av forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (), som er ein av kring 20 partnarar frå forsking og næringsliv som deltek i «Algae To Future».
– Vi står framfor ein liten revolusjon i matproduksjon, seier forskingsleiar Stig A. Borgvang i NIBIO i ei pressemelding sendt ut i samband med arrangementet.
Fiskefôr og matproduksjon
Tanken bak algesatsinga er at desse kan erstatte soyaprotein som Norge importerer frå Brasil – ofte frå utrydningstrua regnskog.Dei små eincella skapningane veks som «grønske» i rør, lev i vatn og nyttar CO2 som byggesteinar. I ferdig grøn pulverform kan dei nyttast som fiskefôr i oppdrettsbransjen eller landbasert matproduksjon.
Fredag kjem kokkane Nils Henning Nesje og Gunnar Nagell-Dahl og skal vise korleis algane kan nyttast i ulike rettar. Også oppdrettsnæringa, forskarar og politikarar deltek.
Utviklar snacks av lokalt geitekjøt
Maria Nikkinen Rørstad har sjølv planar om å starte lokalmatproduksjon med ei anna råvare – nemleg geitekjøt – eller «beef jerky».– Vi held på å utvikle eit snacksprodukt av tørka kjøt frå lokale geiter og håpar å kunne produsere dette her i bygda. Turistforeininga har stilt seg veldig positive, og vi håpar å kunne nytte dei til å distribuere produkta, fortel Rørstad.
«Vi» er ho og ektemannen, som bur på ein gard der ho mellom anna har hatt omsorgstilbod for ungdom. I tillegg eig dei Bjørke skule der dei har hatt overnattingstilbod og camping.
– Det trengst ein del investeringar for å gjerne skulebygget skikkeleg funksjonelt, men det er gode moglegheiter til å lage eit produksjonslokale her og vi har stor tru på at det kan gi ei inntekt vi kan leve av, seier ho.
Publisert: 29.03.2019 05:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33