Illustrasjon Skipsteknisk hydrogenbåt Loran
BERRE PÅ TEGNEBRETTET: Hadde alt gått etter planen skulle dette hydrogen og dieseldrivne fiskefartøyet blitt levert frå verftet til Loran-reiarlaget på Godøya no i 2024. Illustrasjon: Skipsteknisk.
Nytt

Blei liggande på tegnebrettet

Korkje fiskerbåtreiarlaget Loran på Godøya eller Lerøy Havfisk i Ålesund går vidare med planar som skulle gi kraftig utsleppskutt.

15.02.2024

I 2021 håpa Loran å få bygd ein ny fiskebåt som kombinerte hydrogen og diesel som energikjelde, og kutte dieselforbruket med 40 prosent samanlikna med eit fartøy som berre går på diesel. Planen var å få overlevert garn- og linebåten i løpet av 2024.

Statlege Enova gav tilsagn om 92,5 millionar kroner til prosjektet, som Enova såg på som eit første viktige steg på vegen mot å få demonstrert bruk av hydrogen og brenselsceller i fiskefartøy.

Samstundes gjekk Lerøy Havfisk i spissen for eit prosjekt som skulle finne ut om ammoniakk kan vere energiberar i fiskebåtar - i første omgang i ei kombinasjonsløysing med diesel.

Når ammoniakk og hydrogen er produsert med fornybar kraft, som vass-, vind eller solkraft, eller med atomkraft, er det energiberarar som ikkje gir CO2-utslepp.

Meir om prosjekta:

For dyrt
– Vi skrinla heile prosjektet. Det blei for dyrt, seier Ståle Dyb i Loran-reiarlaget til NETT NO.

Kostnadane med å bygge skip steig til vers etter at Russland gjekk til krig mot Ukraina . Samstundes er det uvisse knytt til levering av hydrogen og utstyr til eit hydrogenanlegg.

Summen av dette gjorde at planen vart lagt bort. Det er hypotetisk å svare på kva som hadde blitt utfallet, dersom skipsbygging generelt ikkje hadde blitt dyrare, ifølgje Dyb.

Ikkje nok utvikla
Ein delvis ammoniakkdriven fiskebåt, som Lerøy Havfisk og partnarar arbeidde med, er heller ikkje blitt noko av.

I rapporten som oppsummerer utgreiinga av ammoniakkprosjektet står det at «Vi har fått mye ny kunnskap underveis i ammoniakk-piloten, men fremdeles er det mye testing og utvikling som må pløyes før noen eventuelt er klar til å levere en ammoniakk-motor med tilhørende systemer ut til et kommersielt marked».

Ammoniakkprosjektet er ein del av Grønt skipsfartsprogram, som du kan lese meir om ved å klikke på denne lenka.

Nyttig kunnskap
Trass i at ammoniakkprosjektet ikkje enda med ei avgjerd om å bygge båt, meiner teknisk sjef Stein Oksnes i Lerøy Havfisk, at arbeidet på ingen måte har vore bortkasta. Tvert i mot.

Om ammoniakk blir eit praktisk og kommersielt alternativ, er Lerøy Havfisk budd på å ta det i bruk.

– Dette er nyttig lærdom som ein absolutt må ta med seg vidare, seier Oksnes om prosjektet.

For tidleg å konkludere
Kva som eventuelt blir alternativet til diesel som drivstoff for fiskeflåten, er ikkje klart i dag, ifølgje segmentdirektør for spesialskip i DNV, Arnstein Eknes.

Tysdag hadde han innlegg om det grøne skiftet i fiskeflåten på årsmøtet til bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt. Då rådde Eknes Fiskebåt-reiarane til å vere fleksible i val av løysingar, og ikkje låse seg til eitt alternativ for å få ned bruken av diesel og redusere CO2-utsleppa.

– Ver veldig forsiktig, for då risikerer du å låse deg inne, og så plutseleg er det ikkje tilgang til det alternativet, eller det blir veldig dyrt, sa Eknes i innlegget sitt på årsmøtet.

Kraftig auka kostnadar
Avgifta på utslepp av CO2 frå fiskeflåten er lagt på dieselforbruket og er planlagt å auke gradvis fram til 2030.

Saman med andre krav, som meir innblanding av biodiesel, vil dette gjere at kostnadane med CO2-avgift og andre klimakrav vil auke. Ifølgje Fiskebåt sine berekningar vil dei stige frå 345 millionar kroner i 2022 til 3,25 milliardar kroner i 2030.

Vilkåret for berekninga er at fisket i 2030 blir drive akkurat som i dag. Fiskebåt trur fiskarane vil tilpasse seg auka avgift, slik at kostnadsauken blir mindre, mellom anna ved å kutte ut de mest energikrevande fisket.

Likevel betyr det svekka lønsemd og investeringsevne for fiskeflåten, etter Fiskebåt si vurdering.

Kan bli kamp om å unngå avgifta
Problemet, slik Fiskebåt ser det, er mangel på alternativ til diesel per i dag. Organisasjonen reknar med at ein del fiskarar vil velje å bunkre i utlandet, eller i internasjonalt farvatn, for å unngå den norske CO2-avgifta.

– Vi får fort heller ein konkurranse om å unngå avgifta, framfor enn ein konkurranse om å gjere utsleppskutt, sa assisterande direktør Jan Ivar Maråk i Fiskebåt i sitt innlegg om det grøne skiftet i fiskeflåten.

Publisert: 15.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 14.02.2024 18:14

Mer om