(NPK): På grunn av strenge smitteverntiltak og reiserestriksjonar er mange sjøfolk som ikkje har kome seg heim, sidan koronaviruset braut ut. No ventar fleire tusen sjøfolk på å bli avløyst, og like mange ventar på å komme seg på jobb.
Overstyrmann Bengt Ellingsund har vore på sjøen sidan 12. januar. Koronapandemien har sett ein stoppar for byte av mannskap, og det er uvisst når han får mønstre av. Globalt er rundt 200.000 sjøfolk i same situasjon, skriv
– Det heng ikkje saman, vi får gå til kai, losse og laste, men med ein gong det kjem til byte av mannskap så er vi livsfarlege. Vi har no full kontroll på dei som kjem om bord her og er friske alle saman. Dei kan da berre teste oss før eit mannskapsbytte, så er problemet løyst, seier han.
Ellingsund opplever at sjøfolk ikkje har prioritert hos myndigheitene.
– Viss vi ikkje får ei løysing på problema rundt mannskapsskifte, vil verdshandelen stoppe opp. Det vil få dramatiske konsekvensar for verdsøkonomien og vareflyten – også den som skal til og frå Noreg. Det internasjonale samfunn må ikkje svikte dei som har halde hjula i gang gjennom denne krisa, seier Harald Solberg, administrerande direktør i Rederiforbundet.
(©NPK)
Overstyrmann Bengt Ellingsund har vore på sjøen sidan 12. januar. Koronapandemien har sett ein stoppar for byte av mannskap, og det er uvisst når han får mønstre av. Globalt er rundt 200.000 sjøfolk i same situasjon, skriv
Håpar på avløysing i august
Ellingsund arbeider på Odfjell-tankaren «Bow Fortune», som no er på veg til Sør-Afrika. Han tør ikkje håpe på avløysing før i august, når skipet er tilbake i Europa.– Det heng ikkje saman, vi får gå til kai, losse og laste, men med ein gong det kjem til byte av mannskap så er vi livsfarlege. Vi har no full kontroll på dei som kjem om bord her og er friske alle saman. Dei kan da berre teste oss før eit mannskapsbytte, så er problemet løyst, seier han.
Ellingsund opplever at sjøfolk ikkje har prioritert hos myndigheitene.
Jobbar for å finne løysingar
Rederiforbundet arbeider saman med Utanriksdepartementet, det internasjonale reiarlagsforbundet, det europeiske reiarlagsforbundet og ei rekkje andre internasjonale organisasjonar for å finne løysingar for sjøfolk som må reise til og frå skipa dei arbeider på.– Viss vi ikkje får ei løysing på problema rundt mannskapsskifte, vil verdshandelen stoppe opp. Det vil få dramatiske konsekvensar for verdsøkonomien og vareflyten – også den som skal til og frå Noreg. Det internasjonale samfunn må ikkje svikte dei som har halde hjula i gang gjennom denne krisa, seier Harald Solberg, administrerande direktør i Rederiforbundet.
(©NPK)
Publisert: 07.07.2020 15:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59