Blod sveitte og sommarski
TRENG OPPGRADERING: Stryn Sommerski på Tystigen treng oppgradering av heis og trekk, seier Idar Aaboen som er innstilt på å setje i gang med jobben. Bildet viser kvifor sommarski på Strynefjellet har blitt ein attraksjon. 
Nytt

Blod, sveitte og sommarski

Ein 44 år gammal skjåkvær skal få til noko som Moods of Norway, Nordfjord Kjøtt og kommunen ikkje har klart. 

Ivar Myklebust Longvastøl
15.05.2014
Idar Aaboen førebur seg på blod, sveitte og tårer når han skal overta Stryn Sommerski på Tystigen, ruste opp anlegget og få drifta til å gå rundt (sjå faktaboks).

For ein halv million

Onsdag godkjende Stryn formannskap – samrøystes – ein intensjonsavtale med Aaboen om at han får overta anlegg og utstyr for 500.000 kroner. Kommunen går også med på å yte eit ansvarleg lån på 150.000 kroner for å vere med å garantere for drifta denne sommaren.
- Det manglar ikkje på folk som har sagt at ”du må ikkje finne på å gjere det”. Eg er fullt klar over at det krevst enorm stå på-vilje og eigeninnsats, utan er det ikkje drivverdig, seier Aaboen frå Tystigen, i full gang med å førebu anlegget til opning 29. mai.
- Og likevel gjer du det?
- Det er dette eg har halde på med sidan eg gjekk ut av vidaregåande skule. Det handlar om trivsel, og eg ser gleda blant folk når dei står på ski og kosar seg ute i naturen, seier Aaboen som har teke på seg driftsansvaret denne sommaren.
Då får han også erfaring med anlegg og drift som gjer at han i løpet av juli/august skal avgjere om han vil realisere avtalen der Stryn Sommarskisenter Eigedom AS er ein sentral part.
- Eg håper eg får det til, seier Aaboen.

Smertefritt

Han ønskjer eigentleg ikkje å seie så mykje om planane enno, men lettar litt på sløret.
44-åringen frå Nordberg i Skjåk, har budd i mange år på Geilo og har drive skianlegg i Hallingdal. Han har også jobba på Stryn Sommerski for ein del år tilbake og opplever no at der er mykje å ta fatt i når det gjeld anlegget.
- Det viktigaste no er å få heisene til å fungere smertefritt, slik at folk har tillit til at anlegget går og dei kjem seg til topps på ein effektiv, komfortabel og trygg måte, seier Aaboen.

Viktig for Stryn

Rådmann Per Kristian Storevik seier til NETT NO at salssummen på ein halv million inkluderer begge heisane (stolheis og T-krok trekk), bygningar, mindre trakkemaskinar og overtaking av festekontraktane på fjellet med Statsskog.
Avtalen omfattar ikkje den store trakkemaskinen, i si tid kjend for å gå gjennom isen etter ein ulovleg tur på fjellet. Maskinen er fiksa opp igjen, og eigedomsselskapet vil no prøve å selje den. Det er knytt ein økonomisk risiko til maskinen, sidan Sparebanken Vest har eit pantesikra krav på to millionar i den, skriv rådmannen i saksutgreiinga.
Han understrekar verdien Stryn Sommerski har for næringslivet i regionen, både når det gjeld økonomi og omdømme. Difor har kommunen også engasjert seg og brukt - og tapt - mykje pengar på å halde liv i attraksjonen.
- Stryn Sommerski står sterkt på Austlandet og ikkje minst i Sverige, sterkare der enn her på Vestlandet, seier Storevik.
- Det er eit overrislingsprosjekt, men ein vert aldri rik på det, seier han.

Frykta slakt

Stryn kommune har stor tru på at Idar Aaboen er rett mann til å drive vidare, med kjennskap til Strynefjellet og lang erfaring frå store skianlegg.
- Ei samling av eigarskap og driftsansvar vil truleg vere ein betre kombinasjon enn den organiseringa som har vore dei seinare åra, skriv rådmannen.
- Vi meiner at vi ikkje kunne finne nokon betre og til ein pris som gjer at han kan ha sjanse til å klare dette. Hadde vi venta, kunne vi risikere at anlegget vart kjøpt og slakta. Her har vi ein person med genuin vilje til å drive og få det til, seier Storevik.
Saka skal til endeleg avgjerd i kommunestyret.

Det manglar ikkje på folk som har sagt at ”du må ikkje finne på å gjere det”

Publisert: 15.05.2014 18:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33