Kjetil Aarseth foto Tikkio 11
«FORFERDELEG ÅR»: Tikkio-sjef Kjetil Aarseth fekk ikkje oppleve slike situasjonar i 2020. Då NETT NO snakka med han i sommar, omtala han fjoråret som eit «forferdeleg år» - men hadde trua på at dei ville kome styrka ut av krise. Foto: Tikkio
Nytt

Blodraudt for Tikkio i fjor

Billettselskapet treng ny kapital etter millionunderskot i fjor.

Marius Rosbach
20.09.2021

2020-rekneskapen for billettselskapet Tikkio er no klart, og viser at fjoråret enda med ein minusresultat på meir enn fem millionar.

Giske-selskapet blei hardt råka då koronapandemien stengte ned heile kulturlivet og alt av arrangement i fjor.

Ved starten av fjoråret, stod selskapet godt rusta til vekst – så forsvann heile inntektsgrunnlaget. Fasiten ved slutten av året viser at omsetninga stupte frå nær 9 til 3,5 millionar kroner (sjå tabell under).

Tikkio
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 3,5 8,8
Driftsresultat -4,5 -2,5
Res. før skatt -5,2 -2

Må ha kapital og betre likviditet
Rekneskapen viser at selskapet hadde ein negativ eigenkapital ved utgangen av 2020.

I årsrapporten datert i slutten av august, skriv styret at det er usikkerheit kring vidare drift, og at selskapet sitt arbeid med å hente inn ny kapital og nødvendig likviditet er avgjerande.

Revisor påpeiker at selskapet har pådrege seg betydeleg framførbart underskot. Rekneskapen viser også ei samla gjeld på drygt 10,7 millionar kroner.

Styret: Ikkje risiko for kreditortap
Styret meiner likevel med at det ikkje er risiko for tap for selskapet sine kreditorar. Dei konkluderer med at god kommunikasjon med kreditorane, saman med eit konservativt anslag på inntektene i åra framover, gir grunnlag for vidare drift.

Kostnadene er redusert, samtidig som det blir jobba med å utvide inntektsgrunnlaget. Betring av driftsmarginar og «betydeleg» auke frå dagens inntekter, skal gi berekraftig økonomi, ifølgje årsrapporten.

– Baud også på moglegheiter
Tikkio-sjef Kjetil Aarseth la ikkje skjul på at fjoråret hadde vore ille, då NETT NO snakka med han i sommar. Han var samtidig overtydd om at dei ville klare seg gjennom krisa.

– Det har vore eit heilt forferdeleg år, men det baud også på moglegheiter. Eg meiner Tikkio har styrka seg og vi har klart å halde på arbeidsplassane, sa han til NETT NO då.

Selskapet kom nyleg gjennom nålauget til eit eksportprogram for kreativ teknologi og har planar om å utvide marknaden til fleire land.

Publisert: 20.09.2021 09:49

Sist oppdatert: 08.10.2021 13:42

Mer om