Håkon Hildre CEO Adima Foto Adima
DOBBEL SMELL: To gangar under koronakrisa har Håkon Hildre i bemanningselskapet Adima måtta sendt folk heim på grunn av smitteverntiltak. Foto: Adima.
Nytt

Bratte nedturar under koronakrisa

Aldri sidan bemanningsselskapet Adima starta i 1994, har nedturane vore brattare enn under koronakrisa.

28.06.2021

Rett før koronakrisa kom i februar/mars i fjor hadde Adima rundt 150 arbeid hos oppdragsgivarar, først og fremst innan oljebransjen i Noreg.

- Det såg ut til å bli eit rekordår på alle måtar, seier dagleg leiar og medeigar Håkon Hildre.

Storparten av dei som arbeider hos Adima er utlendingar. I løpet av få dagar etter nedstenginga av mykje av aktiviteten i samfunnet i mars i fjor, var dei reist heim.

- Det å permittere så mange på kort varsel blei ei kostbar affære, seier Hildre.

Nytt oppsving og ny nedtur
I løpet av sommaren 2020 vart smitteverntiltaka letta på, og ved slutten av fjoråret var Adima oppe i 180 i arbeid igjen.

Då kom ei ny innstramming i smitteverntiltaka, og folk måtte reise heim på ny. Det blei nesten som mars 2020 på ny, men selskapet var betre budd på nedturen etter erfaringane frå i fjor, ifølgje Hildre.

No har selskapet rundt 40 i arbeid. Hildre seier han ser auka aktivitet ut over hausten, og håpar letta i smitteverntiltaka no kan bli ståande.

Adima as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter68,894,6
Driftsresultat2,56,0
Resultat før skatt2,56,0

Olje- og gass
Adima har hovudkontor i Brattvåg, men storparten av kundane til bemanningselskapet er selskap i olje- og gassindustrien i Hordaland og Rogaland.

Selskapet rekrutterer spesialistar og fagarbeidarar til industribedrifter og til samferdselsprosjekt.

Før oljeprisfallet i 2014 var oljebransjen hovudmarknaden for Adima-konsernet og toppåret var 2011, med 114 millionar kroner i driftsinntekter og over 200 på lønningslista.

Etter oljeprisfallet satsa selskapet på samferdselssektoren. Det dempa nedturen, men stogga den ikkje. I 2017 var driftsinntektene 19 millionar kroner, 94 millionar kroner under det selskapet hadde i 2011.

Deretter snudde det, men i fjor gjorde koronakrisa at 2020 ikkje blei det tredje året på rad med vekst.

Publisert: 28.06.2021 06:00

Sist oppdatert: 28.06.2021 14:50

Mer om