Stig brautaset foto ogne
NY ROLLE: Konserndirektør Stig Brautaset blir rådgivar for konsernleiinga frå årsskiftet. Her frå generalforsamlinga der fusjonen blei vedteke. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Brautaset sluttar som konserndirektør

Sparebank 1 SMN fjernar divisjon som blei oppretta etter fusjon.

Marius Rosbach
16.10.2024

Sparebank 1 SMN fortalde onsdag morgon om endringar i organisasjon og konsernleiing. 

Dei inneber mellom anna at divisjonen Sunnmøre og Fjordane, som blei oppretta etter Sparebank1 Søre Sunnmøre blei innlemma i Sparebank1 SMN, forsvinn.

Divisjonen skal bli erstatta med sokalla finanshus fleire plassar i regionen, blir det opplyst i børsmeldinga. Eit slikt finanshus er mellom anna etablert i Sykkylven. 

«Vi ser at nærhet til kundene betyr mye, og styrker derfor ledelsen og tilstedeværelsen ytterligere gjennom flere finanshus», uttaler konsernsjef Jan-Frode Janson i meldinga. 

Målet for omorganiseringa er oppnå synergiar og auka krafta i utviklingsarbeidet, ifølgje banken. 

Brautaset i ny rolle
Endringane inneberer også at konserndirektør for divisjon Sunnmøre og Fjordane, Stig Brautaset, frå årsskiftet går over i ei stilling som rådgivar for konsernleiinga.

Samanslåinga av bankane med hovudkontor i Volda og Trondheim skulle mellom anna styrke banken si satsing i Fjordane, som utgjer tidlegare Sogn og Fjordane fylke nord for Sognefjorden.

Stig Brautaset Ole Magnus Orlien foto Ogne
SLUTTA I LEIARGRUPPA: Ole-Magnus Orlien (til høgre) leia Sparebank 1 SMN si satsing på formueforvalting frå Volda, men starta 1. oktober hos konkurrenten Sparebanken Møre. Foto: Ogne Øyehaug

Fleire i leiargruppa har slutta
Ved samanslåinga blei det oppretta ei ny leiargruppa i den nye divisjonen for Sunnmøre og Fjordane på åtte personar, som no forsvinn. 

Av desse har allereie fleire slutta i banken. 

Ole-Magnus Orlien som har leia Sparebank 1 SMN si satsing på formueforvalting frå banken sitt kontor i Volda, gjekk til konkurrenten Sparebanken Møre. 

Orlien leia då ei avdeling på kring 30 personar der seks av dei hadde kontorstad på Sunnmøre. Banken har tidlegare opplyst at det var planlagt å styrke formueforvaltinga med to-tre personar til på Sunnmøre. 

Tidlegare i år blei det også kjent at Sigrun Heltne Vartdal som var leiar for næringslivsmarknaden, saman med Jan Rune Hurlen. Ho gjekk over i ny jobb som næringssjef i Ørsta frå september.

Bakgrunn: 

Etter omorganiseringa består konsernleiinga i banken av følgjande personar: 

  • Jan-Frode Janson, konsernsjef 
  • Trond Søraas, finansdirektør 
  • Monica Haftorn Iversen, konserndirektør personmarked 
  • Vegard Helland, konserndirektør næringsliv 
  • Ola Neråsen, konserndirektør risikostyring 
  • Astrid Undheim, konserndirektør teknologi og utvikling 
  • Rolf Jarle Brøske, konserndirektør kommunikasjon, marked og digitalt salg 
  • Arne Nypan, adm. direktør i SpareBank 1 Regnskapshuset SMN 
  • Kjetil Reinsberg, adm. direktør EiendomsMegler 1 Midt-Norge 
  • Konserndirektør kvalitet og økonomisk kriminalitet (ubesatt)

Publisert: 16.10.2024 09:04

Sist oppdatert: 16.10.2024 10:36

Mer om