Parebank1 Søre Sunnmøre sjef Stig Brautaset t v og Sparebank1 SMN sjef Jan Frode Janson
AVGJORT PÅ ONSDAG: Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset (t.h.) og Sparebank1 SMN-sjef Jan-Frode Janson kan bli kollegaer i same bank. Generalforsamlingane i dei to bankane har møte onsdag
Nytt

Treng 14 stemmer

20 deltakarar på generalforsamlinga avgjer om Sparebank1 Søre Sunnmøre skal bli ein del av Sparebank1 SMN.

07.11.2022

Den ekstraordinære generalforsamlinga i Sparebank1 Søre Sunnmøre skal gå bak lukka dører i i hovudkontoret i Volda onsdag kveld 9. november.

Planen om det som formelt sett er ei samanslåing av dei to bankane krev to tredjedels fleirtal for å bli godkjent. Stemmer sju eller fleire nei på generalforsamlinga blir samanslåinga avlyst.

Styra i begge bankane har tidlegare i haust tilrådd samanslåing.

Delvis sjølveigd
Banken er omlag 90 prosent sjølveigande, medan resten er eigd av eigenkaptialbeviseigarar som kom inn som medeigarar i ei kapitalutvidinga i 2017. Eigenkapitalbevisa i Sparebank1 Søre Sunnmøre er ikkje børsnotert.

På generalforsamlinga har eigenkapitalbeviseigarane 20 prosent av stemmene, tilsette 25 prosent, og dei som representerer hovedtyngda av eigarskapet - 55 prosent.

Trøndersk storebror
Det er ingen tvil om kven som er storebror i samanslåinga.

Bankane er samde om at verdien av Sparebank1 Søre Sunnmøre tilsvarar 6,6 prosent av den samla verdien av den samanslåtte banken.

Sparebank1 SMN er overtakande bank og Sparebank1 Søre Sunnmøre får oppgjer i eigenkapitalbevis i Sparebank1 SMN.

Sparebank1 Søre Sunnmøre er 90,2 prosent sjølveigd og skal få 12.971.224 eigenkapitalbevis i den samanslåtte banken som vederlag.

Det utgjer med dagens kurs i overkant av 1,4 milliardar kroner. Pengane skal gå inn i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, som skal forvalte pengane og dele ut gåvemidlar.

Sjå under - medlemane i generalforsamling som avgjer fusjonen

Generalforsamlinga i Sparebank1 Søre Sunnmøre

Medlem

VaramedlemVald av/representerer
Arild IversenJørgen AmdamVolda kommune
Karl Asgeir SæbønesWenche VolleØrsta kommune
Jostein SætrenesHåvard StaveUlstein kommune
Svein GjelsethOlaug Andreassen

Herøy kommune

Audhild G. RotevatnStein MonsholmVolda kommune
Geir Arve Vatne

Volda kommune

Hans Olav MyklebustVivian Ose FløØrsta kommune
Geir Arne AarsethØrsta kommune
Einar Vik ArsetHilde Sæter AglenUlstein kommune
Håvard RemøyAnne-Marte BergeHerøy kommune
Jørn Petter RemøyKundevald
Ottar SkaareElisabeth JacobsenEigenkaptial-beviseigarane
Magne AarsethJan HeltneEigenkaptial-beviseigarane
Anne Helen SundalsfollEigenkapital-beviseigarane
Odd Martin Lindvik VelsvikEigenkapital-beviseigarane
Bjørnar ØyeSvein Åge TømmerbakkTilsette
Ingrid R. StokkeAnja W. ThomsenTilsette
Karin H. MyklebustInger Mari VikTilsette
Ole-Christian HeltneTilsette
Liv Longvastøl BarstadTilsette


Publisert: 07.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 06.11.2022 23:24

Mer om