Vartdal plast jan endre sindre ingvild vartdal foto marius
BREMS I ÅR: Dagleg leiar og medeigar Jan Endre Vartdal (t.v.) ventar nedgang i inntektene i år for selskapet som han eig saman med syskena Sindre og Ingvild. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Brems i byggemarknaden

Etter to år med god vekst buttar det i mot for Vartdal Holding-konsernet.

16.08.2023

I fjor sto byggisolasjon for omlag 60 prosent av driftsinntektene til Vartdal Holding-konsernet på drygt 1,4 milliardar, der Vartdal Plastindustri er det største og viktigaste selskapet.

Auka sal av byggisolasjon har også stått for den største delen av veksten til konsernet dei to siste åra, men i år er byggemarknaden i tilbakegang.

Ventar lågare inntekter i år
Bremsen kom først i hyttemarknaden, men har spreidd seg til andre deler av byggemarknaden.

Dagleg leiar og medeigar Jan Endre Vartdal anslår at konsernet vil få ein inntektsnedgang i år samanlikna med 2022, først og fremst fordi etterspørselen frå byggemarknaden krympar. At også møbelindustrien har fått mindre å gjere, slår inn, fordi konsernet leverer emballasje til møbelindustrien.

Det tredje beinet Vartdal Holding-konsernet står på, er emballasje til matvareindustrien, og då først og fremst fiskekasser.

Resirkulerer
Konsernet har hovudkontor og -anlegg på Vartdal i Ørsta, og i tillegg produksjonsanlegg på Austlandet, og frå Steigen i nord til Hjelmeland i sør.

Det gjer at konsernet kan dekkje heile den norske marknaden, noko som også har medverka til veksten.

Vartdal Holding-konsernet sine produkt er laga av ekspanderbar polystyren. Utgangspunktet er olje, som blir foredla til det som til slutt blir eit lett produkt med høg isolasjonevne. Dei siste åra har konsernet arbeidd med å få produkta samla inn og resirkulert etter bruk.

Omlag 10 prosent av driftsinntektene til konsernet kjem i dag frå resirkulerte produkt, anslår Jan Endre Vartdal.

Satsinga på resirkulering skaper og positiv interesse for selskapet, og Vartdal trur marknaden for resirkulerte produkt er veksande.

Vartdal Holding as (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt1418,91221,2
Driftsresultat45,247,7
Resultat før skatt56,364,1

Vartdal Holding-konsernet har i dag eitt anlegg i Ørsta og eitt på Austlandet for å ta i mot og komprimere ekspanderbar polystyren-produkt, før det blir sendt vidare for å bli bearbeida og brukt om att.

Per i dag er det først og fremst i byggisolasjon at resirkulert ekspandert polystyren blir brukt.

Publisert: 16.08.2023 14:33

Sist oppdatert: 16.08.2023 17:55

Mer om