Vartdal Plastindustri over milliarden
Fekk draghjelp frå byggjemarknaden.
Då auka energi- og råvarekostnadar sette lønsemda under press, gav eit løft i byggjemarknad draghjelp til Vartdal Plastindustri i fjor.
Vartdal Plastindustri er det klart største og viktigast Vartdal Holding-konsernet, som lagar byggisolasjon og ulike typar emballasje i ekspanderbar polystyren. Historisk er det fiskekasser selskapet er mest kjent for, men no utgjer byggisolasjon omlag 60 prosent av inntektene til konsernet, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal til NETT NO.
Han og søskena Ingvild og Sindre eig ein tredjedel kvar i Ørsta-konsernet.
Artikkelen er oppdatert med reknskapstal for konsernet tysdag 16. aug 06:51
Vartdal Plastindustri as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 1112,9 | 740,9 |
Driftsresultat | 34,6 | 28,6 |
Resultat før skatt | 36,9 | 30,1 |
Vartdal Holding as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 1221,2 | 819,2 |
Driftsresultat | 47,7 | 37,0 |
Resultat før skatt | 64,1 | 46,4 |
Betydeleg vekst
Marknaden for byggisolasjon har hatt "en betydlig vekst" dei to siste åra, i følgje årsmeldinga til Vartdal Plast.
No kan byggeboomen ha passert toppen. Færre nye byggeprosjekt kan redusere totalmarknaden og sette press på lønsemda skriv selskapet i årsmeldinga.
På plussida ventar Vartdal fallande energi- og råvareprisar.
Driftsinntekter på over milliarden er langt høgare enn tidlegare rekordar og også høgare enn heile Vartdal Holding-konsernet har hatt.
Jan Endre Vartdal seier veksten skuldast ein kombinasjon av at selskapet har auka prisane -men ikkje i takt med eigne kostnadar - og volumauke. Volumauken kom først og fremst i levering til byggjemarknaden.
Noko av forklaringa på veksten er at selskapet torde å kjøpe inn råvarer sjølv om prisane steig, og dermed har vore leveringsdyktige. Det har gitt nye kundar, og dei har også blitt verande kundar hos selskapet, ifølgje Vartdal.
Publisert: 16.08.2022 05:00
Sist oppdatert: 16.08.2022 06:51