Bruktbildeler
ØRSKOG: Vekst i salet av bruktbildelar for Møre Bruktbildeler på Ørskog. Foto: Møre Bruktbildeler
Nytt

Bruktbildelar er bra butikk

Ørskog-selskap med rekordomsetning i fjor.

12.04.2023

Ørskog-baserte Møre Bruktbildeler omsette for 25,9 millionar kroner i fjor, noko som er ny rekord. Driftsmarginen vart derimot redusert, men ein må tilbake til 2014 for å sjå siste minustal.

Selskapet vart stifta i 1985, og bak står eigarane Gottfried Giske og Geir Kåre Myren, med lik eigardel.

(saka held fram etter tabellen)

Møre Bruktbildeler
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 25,9 24,9
Driftsresultat 1,4 4
Resultat før skatt 1,4 4
Møre bruktbildeler Geir Kåre Myren foto Marius Rosbach
DAGLEG LEIAR: Geir Kåre Myren er deleigar og dagleg leiar i Møre Bruktbildeler. Foto Marius Rosbach

Stort lager
I starten hadde selskapet base på Eidsnes i Sula, men sidan 1990 har ein halde til på Valgermo i Ørskog. I tillegg har ein avdeling i Ålesund.

I dag har ein eitt av landets største bildemonteringsanlegg med plass til 1.000 delebilar i tillegg til eit lager med rundt 80.000 bildelar, der salet vert marknadsført gjennom namnet bildeler.no.

Møre Bruktbildeler har rammeavtalar med fleire av dei store forsikringsselskapa om oppkjøp av nyare, kollisjonsskada bilar ein demonterer.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 6,9 millionar kroner og langsiktig gjeld på 0,9 millionar. Eigarane kan for fjoråret fordele 0,8 millionar kroner i utbyte.

Publisert: 12.04.2023 13:00

Sist oppdatert: 12.04.2023 14:22

Mer om