Bryggeria snudde nedturen
KAN FÅ LØNSHOPP: Når dei største avskrivingane er unngjort opnar det for å ta ut vanleg løn, meiner dagleg leiar og medeigar Frank Maråk (t.h.) i Geiranger Bryggeri. Til venstre medeigar Kenneth Løken. I fjor vart det nesten ikkje betalt ut løn frå bryggeria på Nordvestlandet.
Nytt

Bryggeria snudde nedturen

Men løna er mager.

03.08.2019
Etter nedgang både i inntekter og lønsemd i 2017 snudde det for dei attverande bryggeria på Nordvestlandet i fjor.

Inntektene steig frå tilsaman 8,3 millionar kroner i 2017 til 9,4 millionar kroner i 2018. Bryggeria på Nordvestlandet fekk eit samla overskot før skatt på i overkant av 0,3 millionar kroner. I 2017 var det samla underskotet 1,2 millionar kroner.

Meir eigenkapital

-Det var eit krevjande år i fjor, seier styreleiar og medeigar Kjartan Lied i Trollbryggeriet i Liabygda i Stranda.
Bryggeriet var først ute med å etablere seg på Nordvestlandet og er framleis det største (sjå tabell), men lånefinansierte investeringar utan påfølgjande vekst har vore tunge for selskapet. I 2017 gjekk Lied og medaksjonær og dagleg leiar Jørund Ringset med ein million kroner i underskot.
I fjor tok dei kraftige grep for å få hovudet over vatnet. Det vart nesten ikkje tatt ut løn. Ringset gjorde om lån til eigenkapital og Lied skaut inn friske pengar i ein emisjon på i overkant av 1,5 millionar kroner. Det reduserte gjeldbelastinga og styrka likviditeten og gjorde at selskapet nesten greidde å drive i balanse i fjor (sjå tabell).
- I år ser det mykje betre ut, seier Lied.

Meir marknadsføring

Etter lønskuttet og kapitalutvidinga i fjor har selskapet fått handlingsrom til å drive meir marknadsføring, mellom anna ved å oppsøke butikkar.
Konkurransen er skjerpa. I starten var Trollbryggeriet åleine i marknaden og interessa for lokalt produsert øl hos små bryggeri var sterkt veksande. Då var det berre snakk om å levere.
- For nokre år sidan sto dei berre og jaga oss inn, sa Ringset til NETT NO i 2017 om responsen i butikkane.

Sommarboom

Trollbryggeriet er det einaste av bryggeria på Nordvestlandet som har betalt ut løn, om enn beskjeden. 2018 var unntaket, i år blir det tatt ut løn igjen, seier Lied.
Men i Geiranger reknar dagleg leier Frank Maråk at også Geiranger Bryggeri kan betale ut vanleg lån om to-tre år, når dei største avskrivingane på utstyret er unnagjort.
Geiranger Bryggeri sel omlag halvparten av produksjonen sin i Geiranger i turistsesongen, og har hatt vekst sidan starten. Selskapet har fleire eigarar, men det er Maråk som har stått for brygginga. I år har han før første gang med seg medhjelparar på deltid, og seier at med utviklinga i salet som bryggeriet har hatt er det ikkje langt unna før selskapet må ha ekstra hjelp i brygginga.

Avskalling

Hausten 2017 gjekk Grim&Gryt Økobryggeri på Hareid konkurs og i år har også Enehaug Micro i Ålesund avvikla. Dermed er det fem bryggeri att i NETT NO sitt dekningområde i tillegg til den kobinerte serveringstaden og bryggeriet Molo Brew i Ålesund; Baatbryggeriet på Vestnes, Trollbryggeriet og Geiranger Bryggeri i Strand, Tonga Gardsbryggeri i Nordal og Olden Bryggeri i Stryn.
I år ser salet frå småbryggeri til å ha auka igjen etter ein nedtur i 2018, . Foreninga organiserer både små og store bryggeri.
Noem tror nedturen for øl fra småbryggeria i fjor var eit fall som bransjen har sett i flere andre land, og som er blitt etterfulgt av ny vekst for denne delen av markedet. Det kjem til å skje i Noreg også, venta Nome.

Publisert: 03.08.2019 06:00

Sist oppdatert: 19.05.2021 12:06