Brødrene aa dåp aten foto brødrene aa attica group 11
TRIPPELDÅP: Fyrverkeri og markering då dei tre hurtigbåtane blei døypt Aero Highspeed 1, 2 og 3 ved den greske hovudstaden i haust. Foto: Brødrene Aa/Attica Group
Nytt

Brødrene Aa-båtar er «Ship of the Year» i Hellas

Heider til første båtserie med nytt design frå Nordfjord-verftet.

Marius Rosbach
15.12.2022

Dei tre hurtigbåtane Brødrene Aa leverte til det greske reiarlaget Attica Group er kåra til «Ship of the Year» i ei kåring Lloyd’s List utfører.

Storkontrakten på tre båtar i karbonfiber med splitter nytt design, hadde ein trangare fødsel enn dei fleste. Avtalen med det greske selskapet Attica Group var så godt som klar til signering tidleg i mars 2020, men blei utsett til starten av 2021 på grunn av koronapandemien.

Kontrakt til 220 millionar
I september feira representantar for verft og reiarlag dåp av dei nye båtane i utkanten av Aten. Verdien på kontrakten var på kring 220 millionar kroner.

Attica Group sitt dotterselskap Hellenic Seaways står for drifta av båtane ved Dei saroniske øyane, og nyvinningane er teke godt i mot av dei reisande.

Brødrene aa areo design foto brødrene aa 11
NYTT DESIGN: Det greske selskapet er første kunde på det nye Aero-designet. Foto: Brødrene Aa

Første kunde på nytt design
Attica Group er første kunden som kjøper båtar med det nye Aero-designet frå Nordfjord-verftet.

Ifølgje verftet representerer dei ein ny standard, både for kundane og miljøet. Katamarankonstruksjonen i karbonfiber er svært lett, noko som gjer at båtane får mindre luftmotstand og brukar mindre drivstoff. ,

Båtane er 36 meter lange, har plass til 150 passasjerar og har ei toppfart på 34 knop.

Publisert: 15.12.2022 15:00

Sist oppdatert: 15.12.2022 15:12

Mer om