Bygger første førerlause miniferje
Brødrene Aa ser store mulegheiter i lite fartøy.
Brødrene Aa-verftet i Hyen skal bygge den første førarlause ferja som skal settast inn i trafikk i den svenske hovudstaden Stockholm.
Den elektriske katamaranen skal byggast på oppdrag for teknologiselskapet Zeabuz og ferjeselskapet Torghatten, ifølgje NRK Vestland.
Skal starte opp neste år
– Dette er ein svært spanande kontrakt for oss. Kanskje ikkje så mykje på grunn av storleiken på båten, men av di det opnar moglegheiter for å levere båtar inn mot byar som vil utnytte vassvegane sine betre, seier viseadministrerande direktør Lars Endre Gimmestad til kanalen.
Miniferja skal ha plass til 25 personar og skal etter planen starte opp til neste år. Den har eit ope overbygd passasjerdekk med på- og avstigning i begge endar og er 12 meter lang.
Har planar om fleire ferjer
Trafikkselskapet Torghatten har samarbeidd ei periode med Zeabuz, og har mellom gått inn på eigarsida i selskapet.
Zeabuz springer ut av NTNU-miljøet i Trondheim og har mål om å sette i drift ein rekke tilsvarande «vatnbussar» i fleire byar.
Dei står for forretningsutvikling og systemdesign, inkludert programvaren som sørger for sjølvstyring av fartøyet. Selskapet knytter til seg leverandører av andre tenester som telekom, batteriteknologi og ladestasjonar.
Publisert: 29.11.2022 10:02
Sist oppdatert: 29.11.2022 10:08