Brødrene aa dåp aten foto brødrene aa attica group 22
DÅP: Attica Group-sjef Spyros Paschalis (t.v.) saman med minister for det maritime området i Hellas, Ioannis Plakiotakis, under dåpen av båtane før helga. Foto: Brødrene Aa/Attica Group
Nytt

Endeleg levering av storkontrakt

Det tok tid å få båtane med det nye Brødrene Aa-designet på vatnet. No håpar verftet på fleire oppdrag.

Marius Rosbach
12.09.2022

– Det har gått smertefritt, er den hyggelege beskjeden dagleg leiar Tor Øyvin Aa kunne sende heim til Hyen, etter at tre nye hurtigbåtar frå Brødrene Aa er teke i bruk i Hellas.

Storkontrakten på tre karbonfiber båtar med splitter nytt design til ein verdi på kring 220 millionar kroner, hadde ein trangare fødsel enn dei fleste.

Avtalen med det greske selskapet Attica Group var så godt som klar til signering tidleg i mars 2020, men blei utsett til starten av 2021 på grunn av koronapandemien.

(saka held fram under)

Brødrene aa dåp aten foto brødrene aa attica group 11
TRIPPELDÅP: Fyrverkeri og markering då dei tre hurtigbåtane blei døypt Aero Highspeed 1, 2 og 3 ved den greske hovudstaden torsdag. Foto: Brødrene Aa/Attica Group

Døypte alle tre båtane
Men no er det gløymt, og før helga feira representantar for verft og reiarlag dåp av dei nye båtane i utkanten av Aten.

Attica Group sitt dotterselskap Hellenic Seaways skal drive båtane i rute ved Dei saroniske øyane, og dei har allereie vore i drift nokre veker.

– Dei blei sett i operasjon ganske med ein gong, og tilbakemeldingane har vore svært gode, fortel seadministrerande direktør Lars Endre Gimmestad til NETT NO.

(saka held fram under)

Brødrene Aa Aero interiør Foto Brødr aa 11
KOMFORT: Det nye designet frå Brødrene Aa sett ein ny standard både for passasjerar og miljøet, ifølgje verftet. Foto: Brødrene Aa

Håpar på fleire oppdrag
I ei pressemelding påpeiker det greske reiarlaget at båtserien er ein merkedag også for passasjertransporten i landet. Båtane er dei første nybygga som blir sett inn i flåten, sidan Attica Group fekk levert sitt førre nybygg i 2012.

Gimmestad påpeiker at det er for tidleg å seie noko handfast om sjansane for fleire kontraktar med det greske selskapet.

– Men vi er veldig galde for den dialogen vi ha med Attica, og ser føre oss at vi kjem til å diskutere framtidige prosjekt, legg han til.

(saka held fram under)

Brødrene aa areo design foto brødrene aa 11
NYTT DESIGN: Hurtigbåtane til det greske selskapet har allereie vore I trafikk i nokre veker. Foto: Brødrene Aa

Første med nytt design
Attica Group er første kunden som kjøper båtar med det nye Aero-designet.

Ifølgje verftet representerer dei ein ny standard, både for kundane og miljøet. Katamarankonstruksjonen i karbonfiber er svært lett, noko som gjer at båtane får mindre luftmotstand og brukar mindre drivstoft. ,

Båtane er 36 meter lange, har plass til 150 passasjerar og har ei toppfart på 34 knop.

Publisert: 12.09.2022 11:04

Sist oppdatert: 12.09.2022 11:10

Mer om