Rem kleven tommelopp 22
SIKRA KONTRAKT: Ulstein-ordførar, designselskap, reiar og verft møtte pressa då kontrakten blei kjent i fjor.
Nytt

– Har vore utruleg kreative for å få til ei løysing

Green Yard Kleven-sjefen er svært nøgd med GIEK-garanti på 191 millionar, som sikrar bygging av Rem Offshore-skip.

Marius Rosbach
05.03.2021

Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) saman med Sparebank 1 SMN har strekt seg svært langt for at Green Yard Kleven sikra seg kontrakten med å bygge det nye vindskipet til Rem Offshore.

Det fortel verftsdirektør Kjetil Bollestad til NETT NO om finansieringa som gjorde verftet i stand til å ta på seg byggekontrakten.

– GIEK og banken har vore utruleg kreative for å til ei løysing. Vi er glade for tilliten og dei har verkeleg hjelpt oss i gong. Mitt inntrykk er at dei verkeleg har ønska at vi skal få fart på verftet att, fortel Bollestad.

Garanti på 191 millionar
No er det klart at GIEK garanterer for 191 millionar kroner i samband med nybygget. Måten det er løyst på gjer at verftet tek mindre risiko enn vanleg – noko Bollestad fortel har vore avgjerande for verftet som har lite eigenkapital.

– Også reiar og underleverandørar har strekt seg langt, men utan GIEK og Sparebank 1 hadde ikkje dette gått, legg han til.

Garantiar frå det statlege instituttet er ein måte det offentlege går inn og avlastar risikoen for partane i eit nybyggingsprosjekt. I dagens situasjon der mange av verfta har dårleg likviditet, blir denne ordninga enno viktigare.

(saka held fram under)

Dette er GIEK

GIEK er ein statleg etat under nærings- og fiskeridepartementet som gir garantiar for lån, investeringar eller leveransar på vegner av den norske staten.

For verfta er det i hovudsak garantiar for kortsiktig byggjelån eller reiarlagas langtidsfinansiering som er aktuelt.

Byggjelånsordninga blei nyleg utvida til også å inkludere garantiar på forskot frå innanlandsk kjøpar til bruk i innanriksfart.

Formålet til GIEK er å fremme norsk eksport ved senke risikoen for tap hos både eksportbedriftene og kundane deira. Slik blir det også enklare for verft å få byggjelån.

Wenche Nistad foto GIEK
– SNUR LITT OM: GIEK-direktør Wenche Nistad meiner modellen med forskotsgarantiar gir ein meir rettferdig fordeling av risikoen. – Vi snur litt om, slik at reiaren tek meir risiko og verfta mindre, fortel ho.

Strekt seg lengre enn vanleg
GIEK-direktør Wenche Nistad stadfestar at dei har strekt seg lengre enn dei pleier gjere i avtalen kring Rem Energy-skipet.

– Her betalar reiar inn forskot undervegs i byggeprosessen, som vi garanterer for. Ettersom skipet skal segle offshore, er det mogleg for oss å dekke 70 prosent under eksportordninga vår, i staden for 50 prosent som er det vanlege og som er maksgrensa under byggjelånsordninga. På denne måten må reiarlaget ta større ansvar og verftet har ikkje den same risikoen om reiaren skulle få økonomiske problem, fortel ho til NETT NO.

Nistad påpeikar at godt samarbeid mellom reiar og verft har vore avgjerande for å få på plass avtalen. GIEK er også med på langtidsfinansieringa av skipet.

Meiner verfta tek mykje risiko
Det er ei utbreidd oppfatning mellom verfta at dei må ta for stor del av risikoen ved nybygging i høve reiarlaga. Nistad er langt på veg samd.

– Slik situasjonen har utvikla seg mellom verft og reiarlag, meiner vi at verftet tek mykje risiko til eksempel i høve utstyrsleverandørar som skal ha betalt i byggeperioden. Denne avtalen speglar ei slik oppfatning, fortel GIEK-sjefen.

Tradisjonelt har reiarane gjerne betalt 20 prosent av prisen for skipet under byggeperioden. Om reiarlaget fekk økonomiske problem undervegs, risikerte verftet å sitte att med «skjegget i postkassa», som Nistad seier.

(saka held fram under)

Kleven psv havyard atlantic juni 2020 11
BESTILT I 2014: Skipet blei bestilt av eit islandsk reiarlag i 2014. Først om lag sju år seinare vil skipet vere ferdigbygd. Foto: Marius Rosbach

Opphavleg bestilt i 2014
Den etter kvart svært lange ferda mot ferdigstilling for skipet Kleven no har under bygging, er illustrerande. Opphavleg blei skipet bestilt frå Havyard av islandske Fafnir Offshore i 2014.

Etter at reiarlaget trekte seg i 2017 overtok det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing Shipping kontrakten. Men selskapet fekk økonomiske problem og kansellerte i fjor sommar kontrakten - som då var overteke av Kleven.

Dermed sat det konkursutsette verftet att med eit halvferdig skip, men ingen kjøpar. Verftsdirektør Bollestad er klar på at det var «heilt nødvendig» å kome i gong med skipet, for å få Kleven på fote.

Nær åtte mrd. til vindkraft i 2020
I løpet av året vil Rem Energy stå ferdig som det første «heilsunnmørske» skipet til vindkraftmarknaden, med både verft og reiar frå regionen – i tillegg til at design og mykje utstyr kjem frå Nordvestlandet.

Også GIEK har merka godt dreiinga mot denne marknaden.

– Vi er både glade og stolte over at vi i fjor gjekk inn med nær åtte milliardar til offshore vindprosjekt. Tidlegare har vi ikkje vore i nærleiken av den dimensjonen vi hadde i fjor, fortel GIEK-direktør Wenche Nistad.

I den raskt veksande marknaden har norske bedrifter sikra seg oppdrag med alt frå transformatorstasjonar og vindturbinar, til transporttenester og design.

Nistad vil ikkje meine noko om den pågåande diskusjonen om lokalisering av eininga, men fortel at ho gler seg til å møte kollegaer og kundar etter lengre tid på heimekontor.

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Publisert: 05.03.2021 13:09

Sist oppdatert: 05.03.2021 15:35

Mer om