Kleven siste
KLEVEN: MCF Fortune som ligg til kai ved Green Yard Kleven skal byggast om frå PSV til ROV for Oceanica. Foto: Karl Johan Barstad
Nytt

Viktig kontrakt for Green Yard Kleven

Skal byggje om to skip for brasilianske Oceanica.

09.08.2022

- Det vart ein god og gledeleg start etter ferien at vi sikra denne kontrakten.

Det seier Green Yard Kleven-sjef Hans Jørgen Fedog etter at verftet har fått kontralt med det brasilianske reiarlaget Oceanica om å byggje om to PSV-ar for operasjonar med ROV og offshorekraner.

Etter ombygginga vil skipa operere på djupt havn utanfor Brasil, der Oceanica har spesialisert seg på inspeksjon, intervensjon og overvaking av offshoreinstallasjonar.

Marin Teknikk-samarbeid
Dei aktuelle skipa er nyleg kjøpte inn av Oceanica. Det eine ligg allereie ved Green Yard Kleven, og det andre vil kome til verftet dei næraste dagane. Begge skipa har Marin Teknikk-design MT6009.

- Kontrakten har blitt til i nært samarbeid med Marin Teknikk, og dei skal no arbeide med design og engineering på ombyggingsprosjekta. Verftet har opp gjennom åra bygd fleire titals skip i samarbeid med Marin Teknikk, og set pris på at det gode samarbeidet held fram, seier Karl Johan Barstad, Sales Manager Retrofit i Green Yard Kleven.

Skal installere brukte kraner
I pressemeldinga blir det vist til at Green Yard Kleven og Oceanica satsar begge sterkt på berekraftige løysingar. Mellom anna blir det gjenbruk av utstyr i prosjektet. Til dømes er offshore-kranene brukte og vil bli ombygde til aktuell spesifikasjon.

- Det gir mange fordelar å bygge om på eksisterande fartøy, bruke resirkulert materiale og gjenbruk av utstyr på ombyggingane. Dette vil spare ressursar og redusere både kostnader, utslepp og avfallsmengde. Utan at det går på bekostning av kvalitet, seier Karl Johan Barstad.

Ombyggingane skal etter planen ferdigstillast mot slutten av året, og arbeidet startar umiddelbart.

Publisert: 09.08.2022 15:42

Sist oppdatert: 10.08.2022 08:50

Mer om