- Dette er svært gledeleg. Dette betyr at vi er sikra fullt opp med arbeid heile 2016 og langt ut i 2017, seier verftsdirektør Jarle Gunnarstein.
Det er i dag rundt 50 tilsette ved verftet. Gunnarstein opplyser at dobbeltkontrakten vil få store lokale ringverknader.
- Vi kjem til å nytte oss av ein god del underleverandørar i arbeidet med desse båtane.
I tillegg har partane vorte samde om at Rostein skal supplere region Nord og Vest med ytterlegare to brønnbåtar.
Desse to båtane skal leverast som nybygg til kvar av regionane i 2017.
Rostein er hovedaksjonær i Larsnes Mek Verksted og reiarlaget har frå før ein brønnbåt i bestilling ved Sande-verftet.
Rostein opplyser at ein er svært stolt og takknemleg over å ha fått fornya tillit med Marine Harvest.
Kontraktene fører til at Rostein treng fleire tilsette. Selskapet opplyser at ein vil tilsette 20-30 personar forløpande i byggjeprosessen for å handtere tilveksten i flåten.
Det er i dag rundt 50 tilsette ved verftet. Gunnarstein opplyser at dobbeltkontrakten vil få store lokale ringverknader.
- Vi kjem til å nytte oss av ein god del underleverandørar i arbeidet med desse båtane.
Fire Marine Harvest-avtalar
Rostein opplyser i ei pressemelding torsdag at selskapet har blitt tildelt kontrakt på heile fire brønnbåtar med Marine Harvest Norway. To av båtane, Ro Master og Ro Fjord, går i dag i fast chart for Marine Harvest region Nord og Vest og desse båtane er no tildelte nye kontrakter som erstattar dagens avtalar når desse utløper.I tillegg har partane vorte samde om at Rostein skal supplere region Nord og Vest med ytterlegare to brønnbåtar.
Desse to båtane skal leverast som nybygg til kvar av regionane i 2017.
Skipskompetanse-design
Harøy-baserte Rostein opplyser at nybygga er på 3.500 kubikkmeter. Designet har reiarlaget utvikla i nært samarbeide med Skipskompetanse i Måløy, same selskapet som stod bak design av Ro Arctic i 2014.Rostein er hovedaksjonær i Larsnes Mek Verksted og reiarlaget har frå før ein brønnbåt i bestilling ved Sande-verftet.
Rostein opplyser at ein er svært stolt og takknemleg over å ha fått fornya tillit med Marine Harvest.
Treng fleire tilsette
Selskapet påpeiker i pressemeldinga den enorme verdiskapninga dette representerer for både Rostein som selskap, tilsette, verft og lokalt næringsliv.Kontraktene fører til at Rostein treng fleire tilsette. Selskapet opplyser at ein vil tilsette 20-30 personar forløpande i byggjeprosessen for å handtere tilveksten i flåten.
Dette betyr at vi er sikra fullt opp med arbeid heile 2016 og langt ut i 2017
Publisert: 01.10.2015 13:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45