Alfred bjorlo foto privat 11
STORTINGET: Alfred Bjørlo er Venstres sitt nye medlem i Næringskomiteen på Stortinget. Foto: Privat
Nytt

Bønn frå Bjørlo til ny regjering

Ber Støre-regjeringa behalde ny opsjonsordning og lette på formueskatten.

Marius Rosbach
13.10.2021

Venstres nye politikar i næringskomiteen, Alfred Bjørlo, fryktar for innstrammingar for Vestlands-næringslivet, og ber den påtroppande regjeringa om å støtte fleire tiltak for bedriftene i statsbudsjettet.

Formueskatt og opsjonsordning
I budsjettet for neste år foreslår regjeringa ein ny modell for opsjonsordninga for nyoppstarta småbedrifter. I tillegg foreslår regjeringa å auke botnfrådraget og rabatten på arbeidande kapital i formuesskatten.

– Eg vil innstendig oppmode om at desse viktige framlegga frå regjeringa for «kvardagsbedriftene» på Vestlandet, no ikkje blir offer for raske symbolkutt av ei ny regjering, uttalar Bjørlo i ei pressemelding.

Vil ha felles front
Han manar til felles front blant Vestlands-politikarane for å ta vare på forslaga og vil ta opp saka med næringslivet sine organisasjonar på Vestlandet og dei andre Vestlands-politikarane.

- Småbedriftene og dei lokalt eigde bedriftene er hjartet i næringslivet på Vestlandet. Betre opsjonsordningar og kutt i formuesskatt på arbeidande kapital er viktige saker gründerar og næringslivsfolk på Vestlandet har løfta i valkampen, seier Bjørlo.

Meir om statsbudsjettet:

Publisert: 13.10.2021 08:37

Sist oppdatert: 13.10.2021 08:42

Mer om