Peggy hessen folsvik foto npk ntb 11
SKUFFA: LO-leiar Peggy Hessen Følsvik. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Nytt

LO-leiaren skuffa over budsjettet

Krev krafttak for arbeidsmarknaden.

12.10.2021

(NPK-NTB): LO er skuffa over at regjeringa kuttar i arbeidsmarknadstiltak og meiner ei ny regjering må føre ein langt meir aktiv arbeidsmarknadspolitikk.

Les meir om statsbudsjettet her:

Historisk høg langtidsarbeidsløyse
Sjølv om arbeidsmarknaden har vore i meir eller mindre kontinuerleg betring sidan arbeidsløysetoppen i april i fjor, påpeikar LO at alt enno ikkje er roseraudt.

– Langtidsarbeidsløysa i Noreg er no på eit historisk høgt nivå. Sjølv om vi ser at ho er på veg ned, har vi knapt hatt fleire langtidsledige. Noreg er ikkje friskmeldt før vi har folk tilbake i jobb, og det er eit politisk ansvar, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Pandemien vil prege økonomien framover
Sunnmøringen Viser til at meir enn ein av to arbeidssøkjarar har vore ledige i over eitt år. Dette er ifølgje LO nær dobbelt så mange som på det verste under finanskrisa.

– Etterverknadene av den internasjonale lågkonjunkturen og pandemien vil prege norsk økonomi ei god stund framover. Mange av langtidsarbeidssøkjarane kan halde fram med å vere utan jobb eller falle frå i arbeidslivet, påpeikar LO i ei pressemelding.

Forbundet er òg skuffa over at regjeringa held fram ABE-kutta.

– Nav har vore hardt pressa under pandemien. Trass i det har dei såkalla ABE-kutta halde fram. Regjeringa foreslår òg i det siste budsjettforslaget sitt å fortsetje desse kutta. Dette er kutt som rammar velferdsstaten og offentleg sektor, seier LO-leiaren.

(©NPK)

Publisert: 12.10.2021 14:09

Sist oppdatert: 12.10.2021 14:14

Mer om