Sanco Swift og Sword innfelt Ivar Slettevoll foto Kjetil 11
SANDE-REIARLAG: Ivar Slettevoll starta Gjerdsvika selskapet Sanco i 1996 og reiarlaget har levert svært gode resultat dei siste åra. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Sanco-gründer «fekk fyken» som styreleiar

Ute av styret i Gjerdsvika-reiarlag.

Marius Rosbach
05.04.2022

Eigar og mangeårig styreleiar i Sanco Holding, Ivar Slettevoll, er ute av styret i selskapet.

Ifølgje ei kunngjering frå Brønnøysundregistera er det kome inn eit nytt styre leia av bergenseren Even Matre Ellingsen.

– Eg fekk fyken, fortel Ivar Slettevoll til NETT NO.

Skal halde fram i shipping
Ivar Slettevoll starta selskapet i 1996 saman med kona Bjørg og broren Bjarte Slettevoll. Familien er framleis dei dominerande eigarane.

Slettevoll skal framleis vere dagleg leiar i management-selskapet Sanco Shipping. Men i Sanco Holding, som eig skipa til Gjerdsvika-reiarlaget, er han no ute av bildet.

– 55 prosent av aksjeeigarane stemte for å kaste meg som styreleiar, legg Slettevoll til.

Han vil ikkje kommentere saka meir - eller kva han synest som framgangsmåten. Gründeren viser til den nye leiinga for vidare spørsmål om selskapet.

Avslår å kommentere
Ove Godø er ny dagleg leiar i Sanco Holding. På telefon med NETT NO gir han uttrykk for at han ikkje har noko å seie om saka. Han avslår tysdag førremiddag å kommentere saka og viser til styreleiar Ellingsen.

Les intervju med den nye styreleiaren: Børs eit «sjølvsagt alternativ»

Gode resultat
I eit år der dei fleste seismikkselskap sleit tungt, leverte Sanco Holding i 2020 den største omsetninga og nest beste resultatet selskapet har hatt. 2021-rekneskapet er ikkje klart enno.

Selskapet har ti fartøy, både reine seismikkskip og støttefartøy for seismikk.

Ved utgangen av 2020 hadde Sanco Holding ein samla eigenkapital på 900 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 717 millionar.

Publisert: 05.04.2022 09:28

Sist oppdatert: 01.01.2023 14:02

Mer om