Christian pritchard nortel 11 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
STOR AKSJONÆR: Dagleg leiar og grunnleggar Christian Pritchard eig 20,9 prosent i Nortel.
Nytt

Børsdagen: Arctic Bioscience og Nortel-opptur

Kraftig løft etter lang nedtur.

16.02.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Både mobiltelefoniselskapet Nortel i Ålesund og helsekost- og legemiddelselskapet Arctic Bioscience i Ørsta hadde ein lang nedtur bak seg før aksjekursen nådde botnen.

For Nortel sin del skjedde det 20. mai i 2022, då aksjen vart handla til kurs 10 kroner, meir enn ei halvering frå då selskapet vart børsnotert i november 2020.

I dag var kursen 25 kroner, ei kursstigning på 56 prosent sidan botnen. Aksjehandelen i selskapet er såpass liten at sjølv små handlar kan gi store utslag frå dag til dag, men trenden sidan botnoteringa har vore positiv. Kvar nedtur har slutta på eit nivå høgare enn førre gang.

For Arctic Bioscience sin del vart botnen nådd 11. januar i år, med 10 kroner aksjen. Då selskapet vart børsnotert i februar 2021 var kursen 27,50 kroner. Ved børsslutt i dag var kursen 14,35 kroner, opp 44 prosent sidan botnen.

Så seint som 9. februar var kursen 10,20 kroner, så det er framleis usikkert om kursauken dei siste dagane er starten på langvarig trend, eller eit kraftig - men kortvarig blaff.

Hexagon Composites la fram tal for 4. kvartal og heile 2022 torsdag. Aksjekursen steig ved børsopning, men enda ned 2,51 prosent frå dagen før.

Havila Kystruten måtte nok ein gong sende børsmelding om nye forseinkingar for dei to siste, av i alt fire skip, som reiarlaget skal ha i trafikk i gods- og passasjeruta mellom Bergen og Kirkenes. Kursen fall 1,86 prosent torsdag.

Ekornes-konsernet skal refinansiere det børsnoterte lånet sitt på to milliardar kroner med eit nytt lån og ny eigenkapital, melde selskapet i dag.

Børstabell for Nordvestlandet:

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Endúr 31,90 6,35 %
Arctic Bioscience 14,35 6,30 %
Statt Torsk 1,47 5,40 %
Hofseth Biocare 2,61 4,40 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,85 1,42 %
Norva 24* 34,00 0,71 %
Havila Shipping 20,00 0,10 %
Hexagon Purus 28,44 0,07 %
Golden Energy Offshore Services 1,67 0,00 %
Hav Group 9,50 -0,21 %
Sparebanken Møre 83,60 -0,71 %
Nortel 25,00 -0,79 %
Atlantic Sapphire 8,85 -1,67 %
Havila Kystruten 10,55 -1,86 %
Hexagon Composites 35,00 -2,51 %
Salmon Evolution 8,59 -2,61 %
*Svenske kroner

Publisert: 16.02.2023 17:02

Sist oppdatert: 16.02.2023 20:08

Mer om