Roger hofseth foto marius 11
OPPTUR: Solid opptur for Roger Hofseh sitt børsnoterte Hofseth Biocare onsdag med ein oppgang på nær 13 prosent. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Marin vinnar i oljesmurt oppgang

Opptur på børsen for Hofseth Biocare – men mykje handla om olje.

Marius Rosbach
11.05.2022

Åtte av 16 børsnoterte selskap frå Nordvestlandet fekk ein opptur onsdag - medan aksjekursen for eitt selskap stod stille (sjå tabell under).

Hovudindeksen på Oslo børs enda med ein oppgang på 1,25 prosent. Sterk oppgang i oljeprisen bidro til å løfte ein rekke offshoreereiarlag - mellom dei Havila Shipping, som fekk ein oppgang på 8,24 prosent. Ved stengetid låg prisen for eit fat Nordsjøolje på 107,50 dollar - ein oppgang på kring 6,4 prosent.

Hofseth Biocare fekk den største oppturen og var dagens børsvinnar frå regionen, med ein oppgang på 17,11 prosent. Sluttkursen på 4,83 er framleis godt under nivået kring årsskiftet på kring 7 kroner aksjen, for selsket som la fram kvartalsrapport før helga.

Kystruten største tapar

Eit anna selskap som satsar på produkt med marine råvarer, Arctic Bioscience, fekk motsett oppleving onsdag. Aksjekursen låg lenge an til å falle mest av selskapa frå nordvest, men hente seg litt opp før stengetid. Nedgangen for det Ørsta-baserte selkapet enda onsdag med 4,67 prosent i minus.

I staden vart det Havila Kystruten som fekk størst tilbakegang av selskapa på Nordvestlandet, med ein nedgang på 6,40 prosent.

Reiarlaget sitt andre skip Havila Castor, la ut på jomfruseglasen i tråd med planen tysdag kveld. Men den positive nyheita blei truleg overskygga av at styresmaktene har sagt nei til å gi dispensasjon, slik at Havila Capella kan selge. Dermed måtte reiarlaget avlyse nok ein rundtur på Bergen-Kirkenes-ruta.

Hexagon Purus melde i løpet av dagen om ein avtale verdt 20 millionar kroner på hydrogenbeholdarar. Selskapet enda likevel også med ein liten nedgang.

Torskeoppdrettarar i rute
Tidleg onsdag la Statt Torsk fram sin årsrapport for 2021, som viser at torskeoppdrettarane følgjer planen om at dei frå andre halvår i år kan levere oppdrettstorsk til sine kundar kvar veke. Selskapet hadde i første rekke inntekter heilt mot slutten av året, og omsetninga enda på 8,9 millionar. Driftsunderskotet auka til 28,9 millionar kroner.

Selskapet meldte også at dei hadde inngått ein låneavtale på 10 millionar kroner med selskapet Orinoco. Det skal ruste selskapet fram til første slaktinga startar i september 2022. Samtidig har Statt Torsk planar om å hente inn meir kapital i løpet av andre kvartal.

Reaksjonen til marknaden var likegyldig – og aksjekursen enda i null onsdag.

Børsdagen



Selskap
Kurs i kroner
%-Endring i dag



Golden Energy Offshore Services
1.20
3.90 %
Endúr
0.4115
2.88 %
Hav Group
15,82
-1.13 %
Havila Kystruten
19.75
-6.40 %
Hofseth Biocare
4.38
17.11 %
Havila Shipping
6,44 8,24 %
Atlantic Sapphire
21.38
-1,93 %
Nortel
18,1
5,23 %
Havyard Group

6,77

1,20 %
Sparebanken Møre
80
-1,36 %
Statt Torsk
2,20
0,0 %
Smartcraft
14,46
2,30 %
Salmon Evolution
8,00
0,50 %
Arctic Bioscience
14,30
-4,67 %
Hexagon Composites
30,70
-0,97 %
Hexagon Purus
27,00 -1,03 %

Publisert: 11.05.2022 16:20

Sist oppdatert: 11.05.2022 17:37

Mer om