Hofseth Biocare Jon Olav Odegard foto Ogne Oyehaug Hofseth Biocare
VEKST: Hofseth Biocare-sjef Jon Olav Ødegård har eit mål på 50 prosent inntektsvekst i år. Foto: Ogne Øyehaug/Hofseth Biocare
Nytt

Børsdagen: Dagens tapar etter nytt kvartal i minus

Vekst, men framleis tosifra million-minus. Det likte investorane dårleg.

16.05.2024

Hofseth Biocare auka inntektene med 17 prosent i første kvartal i år samanlikna med første kvartal i fjor, og 14 prosent samanlikna med 4. kvartal i år, ifølgje kvartalsrapporten som kom torsdag morgon.

Veksten tyder på at selskapet ligg an til ny inntektsrekord i år.

Det trengst, for sjølv om underskotet i høve til inntektene held fram med å minke, er det framleis eit godt stykke att til plussresultat.

Les børsmelding her (ekstern lenke)

Hofseth Biocare foredlar avskjer og restråstoff frå laks til ingrediensar til helsekost og kjæledyrfôr. Dei utviklar óg produkt som kan bli legemiddel. Hovudkontoret ligg i Ålesund, produksjonsanlegget i Midsund.

Investorane sende aksjen ned
Investorane svara med å sende Hofseth Biocare-aksjen ned 8,97 prosent i dag, det største fallet av selskapa på Nordvestlandet (sjå tabell under) Kursen ved 15.30-tida var 2,00 kroner. Berre ein gong - i starten av april - har aksjen vore like lite verdt sidan 2018.

I november 2019 var kursen over 10,50 kroner aksjen, men har falle i rykk og napp sidan. Kursauken i 2019 skuldast forventingar til inntektene frå ein helsekostkontrakt i USA, som ikkje blei innfridd.

Før børsen opna i dag hadde aksjekursen i Hofseth Biocare falle 19,85 prosent sidan årsskiftet og 34,17 prosent i siste 12-månadersperiode.

Hofseth Biocare ASA

1. kvartal. I mill. kroner

20242023
Driftsinntekt52,444,8

Driftsresultat

-26,2-36,5
Resultat før skatt-29,0-37,8

Pluss på drifta
I kvartalsrapporten for 4. kvartal 2023 skreiv selskapet at målet for 2024 er å auke inntektene med nye 50 prosent - og levere eit driftsresultat i pluss før av- og nedskrivingar.

Selskapet foredlar avskjer og restråstoff frå lakseslakteri til ingrediensar i dyrefôr og helsekostprodukt. Hovudkontoret ligg i Ålesund, produksjonsanlegget i Midsund.

Største aksjonærar er det sveitsiske selskapet Six Sis AG (20,43 prosent), Hofseth International (18,39 prosent), RH Industri (16,86 prosent) ogh japanske Yokorei Co. Ltd (9,96). Roger Hofseth eig RH Industri og er stor aksjonær i Hofseth International.

Artikkelen er oppdatert med dagens aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Endúr 50,80 3,67 %
Atlantic Sapphire 1,11 2,59 %
Arctic Bioscience 10,00 2,04 %
Norva 24 Group* 27,7 1,84 %
Salmon Evolution 7,47 1,36 %
Sparebanken Møre 85,50 1,30 %
Havila Shipping 6,10 1,16 %
Hav Group 10,75 0,94 %
Golden Energy Offshore Services 1,81 0,56 %
Romsdal Sparebank 110,00 -0,43 %
Havila Kystruten 0,96 -2,83 %
Hexagon Composites 22,90 -3,58 %
Hexagon Purus 6,93 -6,22 %
Hofseth Biocare 2,03 -8,97 %

Publisert: 16.05.2024 09:19

Sist oppdatert: 16.05.2024 20:16

Mer om