Håkon Andre Berg og Tore A Tønseth ringer børshandelen i gang Salmon Evolution børsnotert
I RUTE: Bygging av det landbaserte oppdrettsanlegget i Indre Harøy og planleggingen av et oppdrettsanlegg i Korea er i rute forteller Salmon Evolution. Bildet er fra markeringen av børsnoteringen i fjor høst.
Nytt

Børsopptur for Salmon Evolution

Aksjekursen i Salmon Evolution har stige over 37 prosent sidan starten av mai i år.

19.08.2021

Alt er i rute, er bodskapen Salmon Evolution kom med i samband med at selskapet la fram kvartalsrapporten for 2. kvartal i dag.

Selskapet byggjer eit landbasert oppdrettsanlegg i indre Harøy, med planlagt slakting av den første laksen i fjerde kvartal neste år. I Korea er selskapet 49 prosent eigar i eit selskap som planlegg eit liknande anlegg, med mål om å slakte den første laksen i 2024.

Opp og ned
Salmon Evolution blei starta av investorar på Nordvestlandet og blei børsnotert i september 2020.

Børsdebuten blei enn nedtur, der kursen fall frå 7,50 kroner per aksje, til 5,06 kroner per aksje ved utgangen av oktober 2020.

Deretter gjekk det oppover til 7,56 kroner per aksje 12. januar, før det fall i rykk og ned ned til 5,63 kroner per aksje 7. mai i år, då ein ny oppgang starta.

Før børsen opnar i dag er kursen 7,79 kroner per aksje, eitt øre under toppnoteringa på 7,80 på onsdag 17. august. Gårsdagens sluttkurs verdset selskapet til 2,4 milliardar kroner.

Skjermbilde 2021 08 19 kl 08 25 32
OPPTUR: Børskursen i Salmon Evolution er på sitt høgaste nivå sidan børsnoteringa i september 2020. Skjerbilete frå Oslo Børs.

Halsebakk størst
Halsebakkfamiliens investeringsselskap Ronja Capital II er største aksjonær, med 8,8 prosent av aksjane i Salmon Evolution.

Romsdalsfisk as eig 7,1 prosent, Rofisk 4,4 prosent (Rofisk eig brønnbåtreiarlaget Rostein), Stette Invest (Peder Stette og familien) eig 3,7 prosent. Det same gjer Artec Holding, investeringselskapet til grunnleggarane av ingeniør- og prosjeteringselskapet Artec Aqua. Frode Håkon Kjøås selskap Kjølås Stansekniver eig 3,5 prosent.

Alle desse eigarane held til på Nordvestlandet og eig til saman 31,2 prosent av Salon Evolution.

Salmon Evolution ASA
1. halvår. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt00
Driftsresultat-20,8-6,4
Resultat før skatt-15,6-6,4

Publisert: 19.08.2021 08:52

Sist oppdatert: 19.08.2021 08:53

Mer om