Etter seks magre år tok det av i 2016.
Medan hotella i Sogn og Fjordane hadde større vekst enn hotella i Møre og Romsdal frå juli 2016 til juli 2017, er det omvendt for campingplassane.
I Sogn og Fjordane auka campingplassane talet på overnattingsgjestar med 18,4 prosent i juli samanlikna med året før. I juli i år var veksten 16,7 prosent samanlikna med juli 2016. I Møre og Romsdal auka det enda meir, med 33,3 prosent frå juli 2015 til juli 2016. Julitala for 2017 viser 18,3 prosent auke.
I juli 2015 hadde campingplassane i Møre og Romsdal ein nedgang i trafikken på over seks prosent samanlikna med året før. I Sogn og Fjordane var det ein vekst på 4,6 prosent.
Medan hotella i dei fire Vestlandsfylka har størst auke i utanlandske gjestar er det nordmenn som aukar mest i på campingplassane.
- I takt med at veksten kjem internasjonal, og at belegget vekst, så aukar hotellprisane. Det gjer at ein del nordmenn som også ønskjer å besøke Vestlandet kan bevege seg over mot campinghytter og liknande, seier Jørgensen.
- I all hovudsak har ein behov for å vere lønsame nokre år no, seier han.
Han trur og campingplassane hadde mykje ledige kapasitet å ta av før den sterke veksten dei to siste åra, slik at veksten førebels ikkje har utløyst eit behov for store investeringar.
Medan hotella i Sogn og Fjordane hadde større vekst enn hotella i Møre og Romsdal frå juli 2016 til juli 2017, er det omvendt for campingplassane.
I Sogn og Fjordane auka campingplassane talet på overnattingsgjestar med 18,4 prosent i juli samanlikna med året før. I juli i år var veksten 16,7 prosent samanlikna med juli 2016. I Møre og Romsdal auka det enda meir, med 33,3 prosent frå juli 2015 til juli 2016. Julitala for 2017 viser 18,3 prosent auke.
I juli 2015 hadde campingplassane i Møre og Romsdal ein nedgang i trafikken på over seks prosent samanlikna med året før. I Sogn og Fjordane var det ein vekst på 4,6 prosent.
Fullt på hotella
Turistboomen dei siste åra har gjort at det byrjar å bli trangt om plassen på hotella i turistsesongen. Det gir campingplasseigarane eit løft, meiner administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norway.Medan hotella i dei fire Vestlandsfylka har størst auke i utanlandske gjestar er det nordmenn som aukar mest i på campingplassane.
- I takt med at veksten kjem internasjonal, og at belegget vekst, så aukar hotellprisane. Det gjer at ein del nordmenn som også ønskjer å besøke Vestlandet kan bevege seg over mot campinghytter og liknande, seier Jørgensen.
Kjærkomen kapital
Jørgensen trur campingplasseigarane i første omgang vil bruke dei ekstra inntektene til å fylle opp kassa framfor å investere i ny kapasitet, etter fleire år med stillstand.- I all hovudsak har ein behov for å vere lønsame nokre år no, seier han.
Han trur og campingplassane hadde mykje ledige kapasitet å ta av før den sterke veksten dei to siste åra, slik at veksten førebels ikkje har utløyst eit behov for store investeringar.
Publisert: 11.09.2017 11:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13