Color Hybrid levert
KLAR TIL TRAFIKK: Color Hybrid skal trafikkere ruta Strømstad-Sandefjord. Innaskjærs skal den gå på batteri.
Nytt

Color Hybrid levert

Åtte dagar før den planlagde jomfruturen har Color Line fått bil- og passasjerferja Color Hybrid.

01.08.2019
Ferje er bygd av Ulstein Verft og i dag blei fartyet overlevert til reiarlaget.
Det opphavlege målet var ei overlevering i slutten av juli, men verftet vart ikkje ferdig i tide. Den nye datoen for første tur med ferje er 9, august, og den klarte verft og reiarlag med god margin.

Color Hybrid skal trafikkere mellom Strømstad i Sverige og Sandefjord i Noreg. Innaskjærs skal den gå på batteri, medan den brukar fossilt drivstoff i ope hav.

Forseinka tre-fire månader

Skipet er etter dagens plan tre-fire månader forseinka i høve tidsskjemaet då avtalen vart signert. Color Line hadde eigentleg planar om å ta i bruk skipet frå starten av sommarsesongen, men allereie i fjor vart det klart at den tidsplanen ville ryke. I juni meldte reiarlaget også at det hadde vore noko auka kostnader i prosjektet etter nye forhandlingar med verftet.
Color Hybrid er det første av denne typen passasjerfartøy verftet har bygd etter at dei retta seg inn mot nye marknader i kjølvatnet av offshorekollapsen. Med ei lengde på 160 meter er det også mellom dei største fartøya levert frå verftet nokon gong.

Publisert: 01.08.2019 21:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38