Bak Ulsmo-konsernet står søskena Ingerid, Gunvor, Tore, Vegard og Idar Marius Ulstein - kvar med 20 prosent eigardel.
Ulsmo-konsernet måtte finne seg i eit resultat før skatt på minus 101 millionar kroner i fjor. Året før var det pluss 231 millionar.
For 2014 vart det fordelt eit utbyte på 85 millionar kroner, men no vert det null til fordeling.
Det ser heller ikkje så lovande ut i år, men Ulsmo-styret slår fast at arbeidet med å få på plass og ein effektiv og konkurransedyktig organisasjon held fram, og der ein mellom anna gjennom satsing på innovasjon skal klare å møte oljenæringa sine krav om meir effektive løysingar.
Den auka arbeidsløysa førde til press på leigeprisane i fjor, med svekka resultat for konsernet.
Men ein ser for seg ei betring, mellom anna som følgje av IKEA-utbygginga på Moa og Olav Thon sine planar i Breivika, der Ulsmo har 18.000 kvadratmeter utleigeareal.
Fram mot 2020 vil Ulsmo også ha 185 leilegheiter klare til innflytting. Eitt av dei store prosjekta er Sjursåkeren på Blindheim med 33 leilegheiter. Her var interessa litt laber i starten, men har tatt seg opp i løpet av 2016.
For leilegheiter viser Ulsmo at eldrebølgje og lave renter er drivarar for auka etterspørsel.
Ved slutten av åpret har ein overvekt av aksjar, der aksjeportefølgjen ved årsskiftet var på 550 millionar kroner.
Ulsmo-konsernet måtte finne seg i eit resultat før skatt på minus 101 millionar kroner i fjor. Året før var det pluss 231 millionar.
For 2014 vart det fordelt eit utbyte på 85 millionar kroner, men no vert det null til fordeling.
Innovasjon
Det er dei dårlege tidene for Ulstein Group, og spesielt verftsdelen, som dreg mest ned både omsetning og resultat. Ulsmo eig 57,7 prosent av Ulstein Group, som i 2015 var prega av lav kapasitetsutnytting og nedbemannings- og omstillingskostnader.Det ser heller ikkje så lovande ut i år, men Ulsmo-styret slår fast at arbeidet med å få på plass og ein effektiv og konkurransedyktig organisasjon held fram, og der ein mellom anna gjennom satsing på innovasjon skal klare å møte oljenæringa sine krav om meir effektive løysingar.
Pressa utleigeprisar
Ulsmo er også store aktørar innanfor eigedom, mellom anna med 40.000 kvardraameter utleigeareal i Ulsteinvik og Ålesund fordelt på 75 leigetakarar.Den auka arbeidsløysa førde til press på leigeprisane i fjor, med svekka resultat for konsernet.
IKEA og Thon
Spesielt er det overskot av utleigelokale i Ålesund sentrum med fall i utleigeprisane..Men ein ser for seg ei betring, mellom anna som følgje av IKEA-utbygginga på Moa og Olav Thon sine planar i Breivika, der Ulsmo har 18.000 kvadratmeter utleigeareal.
Fram mot 2020 vil Ulsmo også ha 185 leilegheiter klare til innflytting. Eitt av dei store prosjekta er Sjursåkeren på Blindheim med 33 leilegheiter. Her var interessa litt laber i starten, men har tatt seg opp i løpet av 2016.
Eldrebølgje bidreg
For det store Fri Sikt-prosjektet ved slakteritoma på Volsdsalsberga i Ålesund, har det vore strid med kommunen om ein skal få byggje ti eller 14 etasjar, noko som har ført til litt utsetjing av prosjektet. No håper Ulsmo at ein skal få realisert prosjektet med 14 etasjer.For leilegheiter viser Ulsmo at eldrebølgje og lave renter er drivarar for auka etterspørsel.
Slo indeksen
I tillegg til maritime og eigedom, satsar Ulsmo stort på finans, og her oppnådde ein ei avkastning på heile 8,6 prosent i fjor, medan referanseindeksen låg på 6,1 prosent.Ved slutten av åpret har ein overvekt av aksjar, der aksjeportefølgjen ved årsskiftet var på 550 millionar kroner.
Publisert: 11.08.2016 05:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59