På 70-tallet flytta folk frå sentrum. Trenden har snudd.
Slik vil dei sørge for at fleire flyttar til Ålesund sentrum.
Fram til 1970-tallet budde mange i Ålesund sine bygardar. Moa var berre eit jordbruksområde.
Så begynte noko å skje. Moa blei ein stad for forretningar, handel og meir. Folk flytta frå sentrum til utkantar av byen.
Igjen stod bygardar som næringslivet kjøpte rom i. Desse blei kontor.
– Aspøyskolen, som eg gjekk på, blei nærast ein spøkelsesskule. Før utflyttinga på 70-talet var det Noregs største barneskule med rundt 1.150 elevar, fortel Kåre Gunnar Sætre.
Han er leiar for Sunnmøre Næringsmegling og har lenge kjempa for å gjere sentrum meir attraktivt å bu i.
No meiner han trenden har snudd. Ein fersk statistikk som blei lagt fram under Braby-konferansen, viser at det stemmer.
Fleire bustadar = Meir liv?
Så var det dette med å få folk til å flytte til sentrum.
– For at sentrum skal overleve må vi folk til å bu her, seier dottera til Kåre Gunnar, Catrin.
Då må det vere fleire leiligheiter å bu i, meiner ho. Kontor okkuperer store delar av bygardane.
Far hennar håper det vil snu. Kontor skal vere berekna i kontorbygg. Bygardane bør bli leiligheiter igjen.
– Då trur eg folk flyttar tilbake til sentrum.
Lysa skal tennast
Kåre Gunnar Sætre vaks opp i byen og budde sentralt. Det gjorde også kompisar og venar.
På 70-tallet byrja foreldra deira å bygge hus i utkanten av byen og flytta. Med det blei det mindre aktivitet i byen.
– Før i tida brukte folk byen. Dei gjekk i byen, istadenfor å gå rundt Lillevannet i Spjelkavika.
Catrin Sætre vaks også opp i sentrum. Ho synes det er trist når mange lys i sentrum blir sløkt klokka 5 fordi folk drar heim frå jobb.
– Det burde ha vore omvendt. At klokka 5 så blei lysa tent i andre etasje og oppover, istemmer faren.
Trenden har snudd
– Kva synes du om det nye sentrumsregnskapet?
– Den er heilt topp. Fleire unge har busett seg i sentrum. Det er desse som er trendsetterar og bruker byen.
Begge to har merka at fleire småbarnsfamiliar har begynt å bruke restaurantar og kafear enn tidlegare.
For at utviklinga skal gå meir i retninga dei ønskjer ber dei næringslivet forstå at dei må bruke næringsbygg som kontor, i staden for gamle bygardar frå 1904.
– Vi merkar at firma som er på jakt etter nye kontor, faktisk vil ha nye kontor. For å skaffe dei beste tilsette må dei ha attraktive lokale. Då held det ikkje med gamle bygg.
Viser positiv trend for byutvikling
For første gong sidan 2019 har Bypatrioten laga det dei kallar for sentrumsregnskap.
Her ser dei på utviklinga i mellom anna innbyggjartal, køyremønster og antal butikkar. Sentrumsregnskapet tek for seg 2022-tal.
Sidan 2001 har Ålesund sentrum hatt ei befolkingsauke på 32,9 prosent. No er det 4710 som bur i sentrum, medan det den gongen var 3544.
Nesten ein av tre som bur i sentrum er under 30 år. Fleire av desse er småbarnsfamiliar.
Tabellen under viser befolkingsutviklinga for bydelar og sentrum i Ålesund.
Noko tala ikkje viser er at mange studentar bur i sentrum.
Når det gjeld kafear, barar og spisestadar har talet nærast dobla seg frå 25 år sidan. I 2022 var det 72 stadar ein kunne skaffe seg mat og drikke ute i sentrum.
Stoppa opp
Sunnmøre Næringsmegling starta året godt.
– Så begynte rentehevingane å slå inn. Næringsmeklarar over heile landet har merka at transaksjonar omtrent har stoppa opp, seier Kåre Gunnar Sætre.
Catrin nemner at folk er redde for å bruke pengar no, og at bedrifter er redde for å flytte på seg fordi dei ikkje viet korleis utsiktene er.
Difor går det meste i utleige og verdivurderingar medan situasjonen er som den er.
Gjer kontor til bustadar
– Vi trudde hausten ville bli veldig bra, men det har stoppa litt opp. Så har vi også ein klient som har kjøpt ein del bygardar i Ålesund.
Det er Vakre Bygg AS som står for kjøpet. Dei gjer om bygardane til leilegheiter. Når alt er ferdig vil det difor bli i overkant av 20 nye stadar folk kan leige i sentrum.
Tre bygardar er no under oppussing, medan Keiser Wilhelms gate 32 er ferdig og klar for innflytting.
Tek snart over
Neste år fyller Kåre Gunnar Sætre 70 år.
Mannen som har arbeidd med næringsmegling sidan 2003 vil difor gi stafettpinnen vidare til dottera si.
Tidspunktet var perfekt, for Catrin Sætre hadde uansett tenkt å flytte heim til Ålesund.
– Då eg fekk mulegheita måtte eg ta den.
Å gi seg og nyte pensjonisttilværelsen vil ikkje ringreven gjer med det første.
– Eg kjem ikkje til å slutte på i alle fall to år, men det er greitt å byrje å trappe ned.
Spennande by
Dagleg leiar i Vakre Bygg AS, Jan Spandow, har for det meste drive med renovering og utleige av bygg på austlandet.
Han valgte å satse på Ålesund fordi dei synes område er spennande, og at eit verna historisk sentrum passa dei godt.
– Oppdraget vårt i Ålesund er å konvertere gamle og gjerne tomme eigendomar som har blitt brukt til kontorverksemd om til bustadar, fortel Spandow.
Han trur dette kan gjerast lønsamt.
– I tillegg vil det ha ein fin effekt at vindu som i dag er mørke på kvelden, får lys igjen.
Dei går andre vegen med eitt av bygga. Nemleg Einarvikgata 7, som er kjent som enkefru Devolds villa.
Denne har dei planar om å regulere frå bustad til servering, slik eigendomen blir tilgjengelig for publikum.
Publisert: 20.10.2023 05:00
Sist oppdatert: 20.10.2023 08:43