Denne baaten er utstyrt med ROV
NYBYGG: Multi Innovator vart døytp i Molde palurdag. Skiet er mellom anan utstyrt med fjernstyrt undervassfarkost.
Nytt

Denne båten er utstyrt med ROV

Det nye frakte- og servicefartøyet til FSV Group i Molde har fleire nyvinningar om bord, og vart også døypt Multi Innovator.

02.10.2018
Den 19 meter lange og 10 meter breie båten er spesialutstyrt for å gjere ei rekkje oppdrag for havbruksnæringa, og er mellom anna utstyrt med ROV (fjernstyrt undervassfartøy), dynamisk posisjonering og spesialtilpassa dekksutstyr.
Båten er bygt ved Vard Aukra, og er den første av to på ein kontrakt som vart inngått i desember 2017.
Vard opplyser i ei pressemelding at fartøyet er utvikla og designa av FSV Group og Solstrand Trading.

- Ny standard

FSV Group vart starta i 2011, og selskapet har no elleve fartøy, inkludert to lekterar.
- Gjennom lanseringa av vårt nye fartøykonsept ønsker FSV å setje ein ny standard for miljøvenleeg, trygge og effektive servicefartøy for havbruksnæringa.
- Også denne gangen har vi valt å satse på den siste tilgjengelege teknologien og med ein standard som vil bidra til å løfte segmentet for servicefartøy opp på eit nytt nivå, seier dagleg leiar Arild Aasmyr i FSV Group i pressemeldinga.
Søsterskipet skal leverast frå Vard Aukra i 2019.

Publisert: 02.10.2018 10:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26