Nytt
Denne båten skal gå nesten lydlaust på Nærøyfjorden
Brødrene Aa byggjer ferja, og ABB leverer kraftsystem som gjer at båten kan gå nærmast lydlaust på batteri på verdsarvfjorden Nærøyfjorden.
07.09.2016
Ferja Seasight kombinerer ein futuristisk utsjånad med ABB sitt hybride framdriftssystem, fastslår ABB i ei pressemelding fredag.
- Norge er i ferd med å ta teten på batteridrevne passasjerferjer på grunn av krav fra myndigheitene. Men også globalt blir batteri- og hybridteknologi stadig viktigare innan maritim sektor.
- Vi er stolte av å liggje i forkant av den bølga. ABB har allereie utvikla miljøvenlege batteri- og hybridteknologi for bruk i større passasjerferjer, også bilferjer, seier Sindre Sætre, leiar for ABB sin marineverkesemd i Norge.
Til ferja Seasight vil ABB levere ein kompakt og lettvekts versjon av det prisvinnande Onboard DC Grid, eit likestraumsbasert kraftnett om bord, som styrer og kontrollerer energistraumen mellom dieselgeneratorane, framdriftssystemet og ladestasjonen.
Batteria blir lada under fart og ved kai.
Den nye ferja kan frakte inntil 400 turistar mellom Flåm og Gudvangen langs Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane, ein distanse på 32 kilometer.
Etter ein transittetappe skal ferja gå over til rein batteridrift i åtte knops fart, 15 kilometer i timen.
Reiarlaget The Fjords planlegg 700 turar i året med start i mai 2016.
Bygginga av karbonfiberferja er allereie i gang hos Brødrene Aa i Hyen, som også hadde ideen til konseptet.
Seasight er 40 meter lang og 15 meter brei. Passasjerane kan bevege seg overalt på utsida av seightseeingbåten og innvendig er det panoramautsikt med 400 seter.
- Dette er eit av dei mest spennende fartøya vi har konstruert, både estetetisk og teknologisk, seier Anstein As hos Brødrene Aa i pressemeldinga.
- Norge er i ferd med å ta teten på batteridrevne passasjerferjer på grunn av krav fra myndigheitene. Men også globalt blir batteri- og hybridteknologi stadig viktigare innan maritim sektor.
- Vi er stolte av å liggje i forkant av den bølga. ABB har allereie utvikla miljøvenlege batteri- og hybridteknologi for bruk i større passasjerferjer, også bilferjer, seier Sindre Sætre, leiar for ABB sin marineverkesemd i Norge.
Til ferja Seasight vil ABB levere ein kompakt og lettvekts versjon av det prisvinnande Onboard DC Grid, eit likestraumsbasert kraftnett om bord, som styrer og kontrollerer energistraumen mellom dieselgeneratorane, framdriftssystemet og ladestasjonen.
400 turistar
ABB opplyser i pressemeldinga at Onboard DC Grid er nøkkelen til ein effektiv integrasjon av energilager i eit moderne maritimt kraftsystem med sin likestraumstruktur og integrerte kraft- og energistyringssystem.Batteria blir lada under fart og ved kai.
Den nye ferja kan frakte inntil 400 turistar mellom Flåm og Gudvangen langs Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane, ein distanse på 32 kilometer.
Etter ein transittetappe skal ferja gå over til rein batteridrift i åtte knops fart, 15 kilometer i timen.
Oppstart i mai 2016
Nærøyfjorden er på Unescos verdsarvliste hovudsakeleg fordi fjorden er meir eller mindre uberørt av menneskeleg utvikling.Reiarlaget The Fjords planlegg 700 turar i året med start i mai 2016.
Bygginga av karbonfiberferja er allereie i gang hos Brødrene Aa i Hyen, som også hadde ideen til konseptet.
Inspirert av sti
ABB opplyser at ferjedesignet er inspirert av ein sti som går oppover ei bratt fjellside, og kan også minne om operahuset i Oslo.Seasight er 40 meter lang og 15 meter brei. Passasjerane kan bevege seg overalt på utsida av seightseeingbåten og innvendig er det panoramautsikt med 400 seter.
- Dette er eit av dei mest spennende fartøya vi har konstruert, både estetetisk og teknologisk, seier Anstein As hos Brødrene Aa i pressemeldinga.
Dette er eit av dei mest spennende fartøya vi har konstruert
Publisert: 07.09.2016 13:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50