Tore Saeten Opsvik Vegard Hjelvik Skipsteknisk nye Leinebris foto Marius
Skipsdesignar Tore Sæten Opsvik (t.v.) og salssjef for fiskeri Vegard Hjelvik i Skipsteknisk framfor deira seinasta oppdrag som er losa i hamn - nye Leinebris. Den Tyrkia-bygde fiskebåten kom til Sunnmøre denne veka. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Designarar trur på comeback for fiskeri

Mange reiarar ventar med nybygg. – Det blir ikkje  billigare å bygge framover, seier Skipsteknisk-salsjef.

Marius Rosbach
27.02.2026

Denne veka kunne designarane i Skipsteknisk sjå resultatet av sitt siste oppdrag, då nye Leinebris kom til heim til Sunnmøre. 

Dei første åra ligg det ikkje an til at det blir så veldig mange fleire slike heimkomstar for nybygg for lokale reiarlag. Etter at fjoråret var eit år med historisk låge bestillingar av nye større fiskebåtar – ligg det an til eit slapt år også i 2026. 

 – Heldigvis har vi fleire bein å stå på, men eg trur fiskeri skal opp igjen, seier salssjef for fiskeri, Vegard Hjelvik, i Skipsteknisk til Nett No.

Markerer 50 år i bransjen 
Designselskapet som markerer 50 år i bransjen i løpet av året, har uansett travle dagar med å levere design til ein rekke skip 

Skipsteknisk har lagt bak seg nokre år med rekordhøge inntekter og solid lønnsemd. Blant oppdraga er ein rekke design på skip til forsking og offshore. 

Nyleg blei Ålesund-selskapet også kvalifisert til å delta i konkurransen om å utvikle konseptet til forsvarets nye standardiserte fartøy. 

– Må modnast til prisnivået
Medan forskingsmarknaden ser stabil ut, ligg det an til færre kontraheringar i offshore, er salssjefens vurdering. Han meiner også at det ligg an til eit comeback for fiskeri.

– Sjølv om lågare kvoter og usikre rammevilkår legg ein dempar på aktiviteten, er det nokre drivarar som gjer at vi har positive forventingar. Vi får fleire førespurnader og det er ting som beveger seg, legg han til. 

Nye Leinebris Inge Bertil Straume Paul Harald Leinebo Age Uran foto Marius
MESSA: Tidlegare salssjef Inge Bertil Straume (f.v.) i Skipsteknisk med reiarane Paul Harald Leinebø og Åge Uran om bord i messa på nye Leinebris. Foto: Marius Rosbach

Det har vore snakka mykje om kostnadsauke for nybygg. Den er høgst reell – men vil ikkje forsvinne, påpeiker salssjefen. 

– Det handlar nok litt om at reiarane må modnast til prisnivået, også blir ein på eit tidspunkt nøyd til å investere. Det blir ikkje  billigare å bygge framover, seier han. 

Vanskeleg å få selt brukte båtar
Hjelvik opplever at mange reiarar har planar og ønsker om å bygge nytt – men viser til fleire utfordringar i marknaden. 

– Det største problemet i dag er å kvitte seg med gamle båtar – fordi Russland er stengt, seier han. 

Russarane har tradisjonelt vore kjøparar av mange brukte fiskebåtar frå den norske fiskeflåten. Det sett no sanksjonane som følgje av Ukraina-krigen ein stoppar for. 

– Det er mange i dag som ville kontrahert nye båtar om dei hadde fått selt, til trass for at kvotane er låge, prisane høge og rammevilkåra er ustabile, seier Hjelvik. 

Leinebris moonpool dragerbronn foto Marius
MOONPOOL: Moonpool - eller dragerbrønn er etterkvart blitt standard for nye linebåtar. Her ser vi ned på opninga midt i båten der fisken kjem om bord. Foto: Marius Rosbach

– Ekstremt kompleks og samanset båt
Salssjefen for fisker i Skipsteknisk, møtte Nett No om bord på nye Leinebris saman med skipsdesignar Tore Sæten Opsvik. 

Han har leia arbeidet med å teikne båten som har ein rekke nyvinningar om bord.  

Designarane fortel at Leinebris-eigarane har vore «hands on» og engasjert heile vegen, for å kome fram til dei beste løysingane på alle område. 

– Det er blitt ein ekstremt kompleks og samanset båt, som er veldig fleksibel på framdriftssystem og val av reiskap. Fordi det er så samansett er det også ei svært interessant utfordring å vere med på for oss på ingeniørsida, seier Opsvik. 

Nye leinebris line foto M Arius
LINE: Kring 78.000 linekrokar klare til bruk om bord på nye Leinebris, Etter planen skal mannskapet ut på fiske i løpet av få dagar. Foto: Marius Rosbach

Ikkje berre kan mannskapet bruke både line, garn og snurrevad for å fiske. Framdrifta er dieselelektrisk – med azimuth-thruster til framdrift i hekken, og ein nedsenkbar tilsvarande propell i baugen.

Batteripakka på 2000 KWh er truleg den største om bord på eit fiskefartøy. 

Nye Leinebris Tore Saeten Opsvik Vegard Hjelvik Lisa Leinebo Pinheiro Foto Marius
HEMEKOSELEG: Designar Tore Sæten Opsvik og salssjef Vegard Hjelvik frå Skipsteknisk i «stova» på nye Leinebris med Lisa Leinebø Pinheiro. Reiarlaget har lagt ned mye ressursar i å gjere det triveleg for mannskapet om bord. Foto: Marius Rosbach

Overtydde faren om å gå for svart design
Dei som kjenner historia til reiarlaget med base i Herøy, veit at skutesidene har vore blå. Det nye flaggskipet er svart med kvitt overbygg – og gullskrift på sida. 

Fiskeriprodukta til eigarane i PHL Seagold, har vore svart med gullskrift – og det meinte Lisa  Leinebø Pinheiro var ein god ide for båten også. 

Ho bad designaren om å sende ei skisse med blått design og eitt med svart – berre til ho. Så gjekk ho til faren, Paul Harald Leinebø, og viste dei fram. 

– Då han blei stille, skjønte eg at han var overtydd, fortel Pinheiro. 

Leinebris heimkomst Foto Egersund Heroy
HEIMKOMST: Nye Leinebris ved innseglinga denne veka. «Sustainable Norwegian Fish» står det skreve i gullskrift på den svarte skutesida til nye Leinebris. Fartøyet er 67,30 meter langt og 15 meter breit.

Publisert: 27.02.2026 05:00

Sist oppdatert: 26.02.2026 23:29

Mer om