Denne veka kom nye Leinebris heim til Sunnmøre etter å ha blitt ferdig ved Tersan-verftet i Tyrkia.
I løpet av nokre få hektiske dagar skal fartøyet gjerast klar for fiske. Samtidig har det vore ein straum av folk om bord som vil gratulere og sjå nybygget.
Tysdag var det open båt i heimehamna på Leinøy. Onsdag var fleire frå media, bankar og samarbeidspartnarar om bord.

Reiarlag og mannskap synest naturleg nok det er stor stas å ta i bruk det nye flaggskipet. Samtidig er det mykje hardt arbeid som ligg bak.
– Det er ei tid der det er tøft å kome i mål med eit nybygg, og vi gjekk nokre rundar med oss sjølve før vi bestemte oss. Men vi valte å satse, seier Lisa Leinebø Pinheiro i reiarlaget til Nett No.
– Heilt avgjerande for at vi har fått det til
Om bord er ein rekke nyvinningar, som skal gjere båten mellom dei mest effektive og miljøvennlege i heile fiskeflåten. Prisen på fartøyet er ikkje kjent, men dei legg ikkje skjul på at det har vore eit stort økonomisk løft.
– Vi hadde ikkje klart dette utan gode samarbeidspartnarar, teama som har jobba med båten – og ikkje minst bankane, som har valt å ha trua på oss. Det er heilt avgjerande for at vi har fått det til, legg Pinheiro til.
I tillegg til Sparebank 1 SMN og Sparebank 1 Nordmøre, har Eksfin og Innovasjon Norge vore med på finansieringa.

Lokalt design og leverandørar
Sjølv om båten er bygd i Tyrkia, er det betydeleg utstyr om bord frå den maritime klynga på Nordvestlandet.
(sjå heile lista under)
På brua fyller store skjermar golvet framfor skipperstolen. Dei kjem frå Ålesund-firmaet Florvaag Elektronikk, som har levert monitorar og kontrollsystem om bord.
Skipsdesignet er gjort av eit anna Ålesund-firma, Skipsteknisk. De hadde allereie samarbeida med reiarlaget i fleire år, då båten blei kontrahert for tre år sidan.

Kan fiske med line, garn og snurrevad
Medeigar Åge Uran fortel at noko av det som har vore mest moro, er å gjennomføre nye ting som dei har tenkt på heilt sidan dei bygde førre båten.
– Vi ville ta lærdom av gamlebåten, og prøve å gjere betre det vi gjorde den gong. Mellom anna hadde vi lyst til å ta vare på alt råstoff og få til fleire bruksmåtar. Og snurrevad har peika seg ut som ein effektiv og billig måte å drive fiskeri på, seier han.

Båten er først ut med å kombinere fiske med både line-, garn- og snurrevad. Og ensilasjetankane som gjer at dei kan ta vare på restråstoffet frå fisken, er levert av Pelagia.
– Det ser bra ut, så no er det berre å lære seg å bruke utstyret, legg han til.

Prototype-thruster frå Brunvoll
Nye Leinebris er også den første fiskebåten som har ein azimuth thruster – altså ein propell som ein kan svinge rundt – både framme og bak.
Det er ein prototype frå Brunvoll i Molde. Tanken er at det skal gjere bli enklare å manøvrere under fisket. Åge Uran er spent på korleis det vil fungere i praksis.
– VI fann ut at dette måtte vere ein fin ting å ha på ein linebåt, legg han til.

– Skal føle at dette er deira andre heim
Moderne fiskebåtar er gjerne utstyrt med fasilitetar som badstove og treningsrom. Leinebris er ikkje noko unntak. I tillegg er det steamdusj og boblebad med utsikt (!).
På veggane er det kunst både i fellesområde og gangar. Messa og «stova», som Lisa Leinebø Pinheiro kallar det, har Ekornes-møblar og interiør med fiskar og maritime detaljar.
Ho fortel at eigarane sjølve, var mellom dei som stod og limte på bokstavane til reiarlaget i mannskapsmessa.
– Dei som jobbar her skal føle at dette er deira andre heim når dei har fri. Sjølv om du er på sjø, så skal du kunne slappe av og kose deg. Difor har vi lagt mykje arbeid i å gjere det hyggeleg om bord, påpeiker Pinheiro.

Desse leverandørane frå Nordvestlandet har levert utstyr om bord:
Skipsteknisk - skipsdesign
Brunvoll – propellar/thrusterar
Mustad – autoline
Evotec - vinsjar
Storm – kranar
Cflow - vakuumsystem
Florvaag Elektronikk – monitorar og kontrollsystem
Pelagia – ensilasje
Sunncom – radar og kommunikasjon
Smådal Mekaniske – garnhalar
Libra Plast - skipsdører
Ekornes – møblar
Optimar – fiskehandtering
Mørenot – nøter
Sperre Air Power - kompressorar
Ulmatec Pyro - varmegjenvinning
Publisert: 26.02.2026 05:00
Sist oppdatert: 26.02.2026 12:31






