Megamas 3e0af3c4d148d850ed1293487c765bc1 1
ULSTEIN-DESIGN: Megamas Resources i Singapore skal få bygd to av desse kabelleggingsfartøya. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions.
Nytt

Designkontrakt til Ulstein Group

Skal teikne kabelleggingsfarrtøy for Singapore-selskap.

02.11.2023

Megamas Resources, i Singapore vil bygge to kabelleggingsfartøy, der det første skal vere ferdig tidleg i 2026. Det er Ulstein Design & Solutions, eit datteselskap i Ulstein Group som har fått jobben med å designe fartøya, skriv Ulstein Group på si nettside.

Kabelskipa blir 120 meter lange og 23 meter breie. Dei skal ha plass til 70 personar.

Kva Ulstein Group får betalt for jobben er ikkje opplyst. Det står heller ikkje noko i meldinga om kvar skipa skal byggast.

Artikkelen blir oppdatert

Vekstmarknad
- Kabelleggingsindustrien er i vekst, og vi er glade for å levere konseptdesign for to nye fartøy i dette segmentet, seier salssjef Rolf Petter Almli i Ulstein Design & Solutions i meldinga

- Vi er glade for å kunngjere at vi, saman med designarane frå Ulstein, vil syte for at kabelindustrien snart vil kunne få ikkje berre eitt, men to, nybygde, toppmoderne, kabelskip med høg yting. Vi tek sikte på å levere det beste av grøne løysingar til våre eksisterande og potensielle kundar i kabelindustrien, seier kaptein Tiew Sien Kheng, administrerande direktør for Megamas Resources i meldinga.

Publisert: 02.11.2023 13:00

Sist oppdatert: 02.11.2023 18:08

Mer om