Harald Strømmegjerde Brennevinsgrova foto Ogne
NYKOMAR NOMINERT: Harald Strømmegjerde hadde sitt første heile driftsår i 2020. Brenneriet har vunne prisar for produktet sit, og no er det også nominerte til industridesingpris for oppbygging varemerket sitt. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nominert til årets varemerke

Harald Strømmegjerde i Brennevinsgrova og artisten Sigrid er blant dei nominerte til årets varemerke under industridesignkonferansen på Giske.

08.10.2021

- Det er vanvittig at ein brennevinsprodusent i ei garasje i Sykkylven kan kome dit, seier Brennevinsgrova-grunnleggar Strømmegjerde om å konkurrere med den verdskjente artisten Sigrid om prisen som årets varemerke. Brennevinsgrova hadde sitt første heile driftsår i fjor.

I fjor vart IDC, industridesignkonferansen IDC, som Momentium arrangerer på Giske, arrangert i ein krympa versjon, utan prisutdeling.

19 nominerte
I år er konferansen tilbake i full skala torsdag 21. oktober, med i alt 19 nominerte aktørar frå Nordvestlandet, i fire klassar:

Årets varemerke (Brennevinsgrova, Sigrid, Pir, Nortel og Augment City)

Årets industridesignselskap (Agrilogg, Sunnmøre MR-klinikk og NTNU for samarbeidet Chaos, Prodtex og Ekornes)

Årets Industrielle oppstart (Varda Care, Exotec, Nostec, C Food Norway og Prodtex)

Berekraftprisen (Vartdal Plast for Vartdal Loop, C Food Norway, Augement City, Inseanergy og Brisk, Sparebanken Møre og Aafk for Medvind)

Bygge opp industridesignmiljøet
IDC vart arrangert for første gang i 2018.

Målet var å etablere ein årleg konferansen som mellom anna kunne løfte fram og bygg opp industridesignmiljøet på Nordvestlandet.

Klikk på lenkene under og les kva NETT NO har skrive om dei nominerte.

Publisert: 08.10.2021 13:00

Sist oppdatert: 08.10.2021 13:48