Helge Gjerde foto marius 11
REGIONDIREKTØR: Helge Gjerde har leia Innovasjon Norge sitt arbeid i Møre og Romsdal sidan starten av 2019. 
Nytt

– Det handlar ikkje om at vi skal finne den nye olja

Regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge peiker på tre store utfordringar på berekraft. Han meiner næringslivet i Møre og Romsdal kan spele ei rolle med å løyse alle.

Marius Rosbach
17.11.2019

Norge må bli mindre avhengige av olje- og gass, og mange meiner mykje om korleis det skal skje.

Regiondirektør Helge Gjerde for Møre og Romsdal i Innovasjon Norge er heilt sikker på ein ting: Mykje av grunnlaget for det vi skal leve av i framtida, finst i kunnskapen opparbeida gjennom olje- og gasseventyret.

– Vi må ha eit breiare næringsperspektiv, men vi må ikkje bli historielause. Vi må ta med oss det vi har lært vidare, seier han til NETT NO.

Les også: Peker ut 24 «framtidsnæringer» for verdiskaping

Mat, energi og transport
Veteranen i den maritime industrien starta i jobben som regiondirektør ved starten av året. Det er auka merksemd om havet når det kjem til utfordringar på klima og miljø, men også moglegheiter. Gjerde ventar at Møre og Romsdal skal spele ei viktig rolle i åra framover.

– Det handlar ikkje om at vi skal finne den nye olja, men at vi skal posisjonere oss i fleire nye næringar, seier han.

Han peiker på tre område der det er store utfordringar i høve berekraft: Mat, energi og transport.

– Havet utgjer ein viktig del av alle desse utfordringane. Og både Norge som nasjon – og vi som region – har ein posisjon som tilseier at vi kan vere ein viktig del av løysinga.

Større potensial for matproduksjon
Allereie er Møre og Romsdal det største fiskerifylke i landet. Men Gjerde viser til at det er store unytta moglegheiter for matproduksjon i tilknyting til hav og sjø.

– Havet utgjer kring 70 prosent av verdas overflate, men berre to prosent av maten i verda kjem herifrå. Det er veldig lågt, og viser potensialet, legg han til.

Mat frå havet gir ofte helsefordelar samanlikna med anna mat, og i tillegg kan den gjerne lagast berekraftig. Utnytting av restråstoff frå fisk og ulike marine produkt er også område der næringslivet i Møre og Romsdal ligg langt framme.

– Vi har allereie ein sterk posisjon i marine næringar. Fylket står for ti prosent av den globale foredlinga av biomarine ingrediensar og 30 prosent av den globale produksjonen av omega-3 konsentrat - og det er eit stort potensial for å vekse, seier Gjerde.

Han peiker på Artic Nutrition i Hovdebygda som døme på eit selskap som viser veg i denne marknaden. Dei jobbar for å få godkjent eit silderognprodukt som legemiddel for psoriasispasientar.

Les også: Skal doble salet på to år

Sintef-rådgiver: – Vi må få opp farta

Trur på flytande havvind
Energi er eit område der regionsdirektøren også trur havet vil spele ei viktig rolle via vindkraft – og på sikt bølgjekraft. Per i dag er det ikkje lønnsemd i flytande vindkraft, men det kjem trur Gjerde.

– Vi trur at vi som nasjon kan bidra til at flytande havvind blir konkurransedyktig. Det opnar ei rekke moglegheiter i verda ved at vi kan eksportere slike løysingar, seier han.

Havvind er også eit område som opnar for ny verksemd hos reiarlag og verft. Ulstein verft har sikra fem skipsbyggingskontraktar for serviceskip og Olympic-reiarlaget til Stig Remøy er mellom dei som har vore tidleg ute i denne marknaden.

– Det er eit døme på eit selskap som har sett dette. Stig Remøy fortel no at meir enn halve verksemda er knytt til fornybar energi. Det e ikkje lenge sidan bilde var heilt annleis, seier Gjerde.

Les meir: Trur på tidobling av norsk havvindeksport

Anbefaler satsing på bunnfast vindkraft

Stig Remøy: - Heilt rett å reindyrke selskapet

– Blir fleire menneske og varer
I arbeide med å automatisere skipsfarten og å utvikle autonome skip er selskap i den maritime klynga på Nordvestlandet i førarsete globalt.

– Det blir fleire menneske og varer som skal flyttast på i framtida, og vi har mange moglegheiter til å vere med å utvikle løysingar på transportsektoren, seier Gjerde.

Elektrifiseringa av ferjeflåten har allereie noko arbeid til regionen og er eit viktig skritt mot nullutsleppsmålet. Men Gjerde trur moglegheitene til å nytte hydrogen i skipsfarten kan skape fleire nye arbeidsplassar framover.

Han trekk dei historiske linjene om korleis den maritime industrien har utvikle seg frå å levere fiskebåtar, til å bygge supplyskip som var langt meir eigna for Nordsjøen enn båtane som kom frå Mexicogolfen på 1960-talet.

– Det var vår moglegheit inn i dette. Det såg dei som designa båtar mellom anna på Ulstein og i andre selskap. Der starta UT-serien sitt liv. Det er eit typisk døme på korleis vi tok ein sjanse og utnytta det til vår fordel, seier han.

Les også: Mener næringslivet bør satse på «Made in Norway

Trur på tidobling av norsk havvindeksport

Næringsministeren: – Helt avhengige av flere vekstselskaper


Både Norge som nasjon – og vi som region – har ein posisjon som tilseier at vi kan vere ein viktig del av løysinga

Publisert: 17.11.2019 05:55

Sist oppdatert: 14.01.2022 06:35