Nytt
Det nærmar seg hydrogenfabrikk på Hellesylt
Truleg vert hydrogenproduksjonsanlegget bygt på Tryggestad. Knut Flakk fortel om stor optimisme.
16.03.2020
- Vi har fire ulike alternativ for bygging av anlegget. Det eine er nede på kaiområdet i Hellesylt sentrum. Dei tre andre er ved eitt av dei tre elvekraftverka.
- Slik det ser ut til no, er det mest aktuelt å byggje anlegget ved kraftverket til Tryggestad Kraft.
Det seier Knut Flakk som gjennom Flakk Gruppen er sentral i arbeidet med å få bygt anlegget til nærare 100 millionar kroner.
Med i satsinga Hellesylt Hydrogen Hub er også selskap som Hexagon Composites, der Flakk Gruppen er aksjonær, Stranda kommune, Tafjord Kraft og Fiskerstrand Verft.
Flakk opplyser at det ikkje er noko problem å få finansiert resten av beløpet.
- Nei, her stiller bankane opp.
Flakk opplyser at planen går ut på at fabrikken skal vere oppe og stå seinast sommaren 2022.
- Då skal vi produsere eitt tonn hydrogen i døgnet.
- Utgangspunktet er miljøproblema, og det faktum at Stortinget har bestemt at verdsarvfjordane skal vere utsleppsfrie frå 2026.
- For å lukkast med dette, må vi berre hive oss rundt og gjere den jobben som trengst.
Han viste til at i Geiranger ikkje er det ekstra ladekapasitet for fartøy som går på el.
- Det vil koste 150-300 millionar kroner å oppgradere nettet for å få nødvendig ladekapasitet i Geiranger. Difor meiner vi at hydrogen må vere ein del av løysinga.
- Vi skal bruke overskotskrafta som ligg der i dag til å produsere hydrogen.
- Fordelen med hydrogen er at ein får lang rekkevidde, og heller ikkje er avhengig av lang ladetid.
Møre og Romsdal fylkeskommune har bestemt seg for å velje hydrogenferje på Geirangerfjorden dersom hydrogenferje-alternativet er like godt som ei rein batteriferje.
Dei som vil konkurrere om å drive bil- og passasjerferja Geiranger - Hellesylt har no ein frist til 7. mai med å levere eit tilbod, og den som får tilslaget får eineretten på ruta frå 1. mars 2022 til 28. februar 2037.
Flakk viser til at hydrogensatsinga ikkje berre er viktige for ferjene, men også for hurtigbåtar som skal frakte turistar inn til Geiranger.
- Raumabanen går i dag på diesel, men bør over til hydrogen. Her kan vi bidra.
- Vi kan også levere hydrogen til fyllestasjonar for bussar og lastebilar.
Flakk sa at i høgsesongen ville 70 prosent av produksjonen på Hellesylt gå til ferjedrifta.
- I lavsesongen har vi derimot masse å selje.
- Dette blir så absolutt eit spennande prosjekt, sa Flakk.
- Slik det ser ut til no, er det mest aktuelt å byggje anlegget ved kraftverket til Tryggestad Kraft.
Det seier Knut Flakk som gjennom Flakk Gruppen er sentral i arbeidet med å få bygt anlegget til nærare 100 millionar kroner.
Med i satsinga Hellesylt Hydrogen Hub er også selskap som Hexagon Composites, der Flakk Gruppen er aksjonær, Stranda kommune, Tafjord Kraft og Fiskerstrand Verft.
Oppstart sommaren 2022
Totalt har satsinga fått 37,6 millionar kroner i støtte frå Enova sitt Pilot-E-program.Flakk opplyser at det ikkje er noko problem å få finansiert resten av beløpet.
- Nei, her stiller bankane opp.
Flakk opplyser at planen går ut på at fabrikken skal vere oppe og stå seinast sommaren 2022.
- Då skal vi produsere eitt tonn hydrogen i døgnet.
- Må hive oss rundt
Under Grøn fjordkonferansen på Geiranger orienterte Flakk om planane, og om årsaka til satsinga.- Utgangspunktet er miljøproblema, og det faktum at Stortinget har bestemt at verdsarvfjordane skal vere utsleppsfrie frå 2026.
- For å lukkast med dette, må vi berre hive oss rundt og gjere den jobben som trengst.
Han viste til at i Geiranger ikkje er det ekstra ladekapasitet for fartøy som går på el.
- Det vil koste 150-300 millionar kroner å oppgradere nettet for å få nødvendig ladekapasitet i Geiranger. Difor meiner vi at hydrogen må vere ein del av løysinga.
Hydrogenferje
Flakk sa at Hellesylt har nok vasskraft.- Vi skal bruke overskotskrafta som ligg der i dag til å produsere hydrogen.
- Fordelen med hydrogen er at ein får lang rekkevidde, og heller ikkje er avhengig av lang ladetid.
Møre og Romsdal fylkeskommune har bestemt seg for å velje hydrogenferje på Geirangerfjorden dersom hydrogenferje-alternativet er like godt som ei rein batteriferje.
Dei som vil konkurrere om å drive bil- og passasjerferja Geiranger - Hellesylt har no ein frist til 7. mai med å levere eit tilbod, og den som får tilslaget får eineretten på ruta frå 1. mars 2022 til 28. februar 2037.
Flakk viser til at hydrogensatsinga ikkje berre er viktige for ferjene, men også for hurtigbåtar som skal frakte turistar inn til Geiranger.
Raumabanen
Men aktørane bak hydrogensatsinga har også andre planar.- Raumabanen går i dag på diesel, men bør over til hydrogen. Her kan vi bidra.
- Vi kan også levere hydrogen til fyllestasjonar for bussar og lastebilar.
Flakk sa at i høgsesongen ville 70 prosent av produksjonen på Hellesylt gå til ferjedrifta.
- I lavsesongen har vi derimot masse å selje.
- Dette blir så absolutt eit spennande prosjekt, sa Flakk.
Raumabanen går i dag på diesel, men bør over til hydrogen. Her kan vi bidra
Publisert: 16.03.2020 05:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54