Dette blir nye nye Ålesund
Regjeringa vil at heile Haram blir skilt ut av Ålesund.
Heile gamle Haram blir skilt ut frå Ålesund. Det skriv både Bygdebladet og Nordre i dag.
Kommunal og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik presenterer Regjeringa sitt vedtak om utskiljinga av gamle Haram kommune på ein pressekonferansen i Tenfjord i dag.
No er det opp til Stortinget korleis det skal bli.
Fleirtal mot
Gamle Haram vart slått saman med Ålesund, Skodje, Ørskog og Sandøy til nye Ålesund kommune. Medan dei andre kommunane ønskte å gå inn i den nye Ålesund var Haram innlemma med tvang.
No blir det reversert, om regjeringa vinn fram.
I ei folkerøysting tidlegare i år var det fleirtal for skilsmisse i gamle Haram kommune, men viljen til skilsmisse var størst i dei ytre delane av kommunen.
Ålesund kommunestyre vedtok å seie ja til skilmisse, men vedtok samstundes deler av Haram framleis skal vere ein del av Ålesund. Det vil ikkje regjeringa, og forslår at Haram kommune skal gjenoppstå som den var.
Publisert: 03.05.2022 09:52
Sist oppdatert: 03.05.2022 12:15